VEGSATSING: Noralv Distad retta blikket mot satsing på fylkesvegane i talen til landsmøtet. (Foto: Høgre)

- Bilar køyrer ikkje på planar, dei køyrer på vegar

Noralv Distad, 2. kandidat for Vestland Høgre, retta blikket mot vegsatsing i sitt innlegg på Høgre sitt landsmøte.

Publisert 16.03.2019 kl. 11.58.

- Vestland Høgre vil satsa på fylkesvegar. 5.600 kilometer, kjære landsmøte, det er langt. 5.600 kilometer er lengden på fylkesvegar i nye Vestland fylkeskommune. Me er kjempegode på lengd, men dårleg på breidde. Det er for mange smale og usikre parti, sa Distad.


- Ein jobb å gjera

Han kom inn på at Høgre i regjering har vore med på å løfta løyvingane til samferdsle, også til fylkesvegane.
- Det er veldig bra, men jobben er ikkje gjort, sa Distad, og viste til at fordelinga mellom riks og fylkesvegar i Vestland er om lag 20/80.

- Dette handlar om små og store  lokalsamfunn. Eksportbedrifter og reiselivsdestinasjonar ligg langs fylkesvegane.  Dei er avhengige av godt vedlikehald, fjerning av flaskehalsar, fleire gangvegar, rassikring, tunnelsikring og ferjeavløysing, sa Distad. Og han la til:

- Auka satsing på riks og europavegar får endå større samfunnsnytte når det er knytt opp til eit velfungerande fylkesvegnett.


Raskare

Distad sa partiet må halda fram med ei offensiv satsing på tryggare og betre fylkesvegsamband.

- Det må Høgre gjera i fylkestinga, og det vil Vestland Høgre gjere i fylkestinget - med vår kommande fylkesordførar Silja Ekeland Bjørkly i spissen. Og det må Høgre gjera i regjering og storting. Ikkje noko tiltak kan erstatta løyvingar til å bygga framtidsretta infrastruktur. Næringslivet treng gode rammevilkår og betre vegar, ikkje meir regionale utviklingsmidlar, måsa Distad, og meinte partiet må
jobba for å  realisera prosjekt rimelegare og raskare.  

- Det er vel og bra med flotte planar. Men bilar køyrer ikkje på planar, dei køyrer på vegar, sa Distad.


Les meir om: Nyhende Politikk Samferdsle