LEIAR: Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. (Pressefoto)

- Betrar konkurransevna til norsk frukt

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, finn fleire positive grep for landbruket i revidert nasjonalbudsjett.

Publisert 15.05.2019 kl. 10.28.

- Regjeringa gjev i revidert statsbudsjett ein positiv stimuli til norsk økonomi, og Bondelaget reknar sjølvsagt med at dette fører til at regjeringa kjem med eit skikkeleg løft i ramma til jordbruksoppgjeret, seier Felde.


Tysdag la regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett. Bondelagsleiaren i fylket finn fleire punkt som han tykkjer er positive, går det fram av ei pressemelding.


Alkoholavgift

- Redusert alkoholavgift for siderprodusentar betrar konkurransevna til norsk frukt, og det er bra, seier Felde.


Han trekkjer også fram at det er sett av pengar til konkurransetilsynet for å etablere tilsyn med daglegvarehandelen og matindustrien.


- Bakgrunnen er at det no kjem ei lov om god handelsskikk. Me har forhåpningar om at dette styrkjer matprodusenten sin plass i verdikjeda.


- For lite til breiband

Han peiker på at det også er sett av 50 millionar til breibandsutbygging, noko han meiner er avgjerande for verdiskaping og busetting i distrikta.


- Men det er på langt nær nok for å sikra framtidsretta infrastruktur i distrikta, held han fram.


Ifylgje Felde har landbruket i lang tid etterlyst fondsordningar, som eit skattemessig stimuli for å gjera landbruket betre rusta for klimaendringane og for å gjera investeringar på garden som kuttar i klimautsleppa.


- Det er skuffande at regjeringa heller ikkje i revidert budsjett for 2019 kjem landbruket i møte på dette punktet.


Siste saker Gå til framsida