FYRDE LAUS: Rita Navarsete levna ikkje det raudgrlne styret i Sogndal mykje ære i barnevernsektoren. (Arkivfoto)

- Barnevern i ubalanse er dei raudgrøne si skuld

Rita Navarsete skuldar det raudgrøne fleirtalet og administrasjonen i Sogndal kommune for situasjonen som har oppstått i Sogn barnevern.

Publisert 30.04.2018 kl. 11.20.

- Dei raudgrøne i Sogndal klarte ikkje følgja opp regjeringa si satsing på barnevernet, sa ho på partiet sitt landsmøte. 

- Sogn Barnevern er i ubalanse, det viser at fleiralet av politikarar og administrasjon ikkje klarer nyttiggjera seg regjeringas barnevernssatsing, sa Rita Navarsete, og meiner eit trygt og godt barnevern berre kan realiserast ved eit politisk skifte i Sogn.

Ho gjekk til frontalåtak på Sogn barnevern under Framstegspartiet sitt landsmøte på Gardermoen fredag.

Samstundes roste ho regjeringas barnevernssatsing og syner til at regjeringa i førre stortingsperiode løyvde 165 millionar kroner til stillingar øyremerkt for det kommunale barnevernet.

- Det, seier ho, - har medverka til å auka kapasitet aktivitet i sektoren.

- Med Frp i regjering aukar kvaliteten i barnevernet, og fleire familiar får hjelp. Dette gjer meg stolt, seier Rita Navarsete.


Les meir om: Nyhende Politikk Sogndal