KJEMPAR FOR LINJA SI: - Grunnen til at søkjartalet i Sogndal har minska er nettopp fordi Sogndal vgs ikkje har sikra 3 år! Og det og ta vekk andre året kjem ikkje få Sogndal vgs til å bli meir attraktiv, skriv elevane i eit ope brev til politikarane. (Arkivfoto)

Elevane ber for medielinja i Sogndal: - Me vil ikkje flytta

Meiningar

- Når me søkte på skule til 2. året blei me fortalt at linja skulle vera trygg.

Publisert 25.03.2019 kl. 18.16. Oppdatert kl. 19.19.

Ope brev til Hovudutvalet for opplæring frå vg1-elevar ved medielinja på Sogndal vidaregåande skule: Synne Råsberg, Amalie Lomheim, Stine Leirdal, Ina Risan, Kjartan Ovrid, Tormod Heggestad, Jacob Årøy, Jostein Stenehjem, Peter Tobias Stegegjerdet, Tobias Molland, Eirik Høgi Nes, Mattias Morken og Valentas Valentukevicius.

 

Me er elevar ved medielinja på Sogndal vidaregåande skule. Me fekk vite at me kanskje må bli flytta til Hafstad vidaregåande skule 2. året. Det er fleire som har flytta hit for å gå på medielinja i Sogndal og ikkje vil flytte igjen. Me trivast godt på media i Sogndal og har lært mykje av å gå på denne linja. Det tok også lang tid før me fikk tilpassa oss å gå i Sogndal og no må me begynne på nytt?

 

Les også: Tilrår kutt på medielinja

 

Me vil heller ikkje forlate venner og familie for å flytte på hybel og begynne på ein ny skule med nye folk. Hadde du likt at ungen din måtte flytte to timar vekk frå de for å gå på ein skule dei ikkje ein gong vil gå på? Me må også slutte med fritidsaktivitetar og jobbar, sidan me må flytte for å kunne gå i Førde. Det er ikkje alle som er klar for å flytte for seg sjølv og det at me no blir tvunge til dette på grunn av at de vil leggje ned linja er forferdeleg. Me syns at dei som skal flytte på hybel burde gjere dette av eigen fri vilje, og ikkje fordi me blir tvunge på grunn av at vg2 ikkje kjem i gang.

Det vil også koste mykje pengar for å flytte for seg sjølv og me trudde utdanning skulle vere gratis. Sjølv om me får stipend vil det uansett vere mykje dyrare å flytte eller pendle, enn det det kostar å bu heime, dette er det ikkje alle som har råd til.

Når me søkte på skule til 2. året blei me fortalt at linja skulle vere trygg. Me skulle fått informasjonen om at linja var utrygg før me søkte på skule. Dei fleste som søkte på skule for neste år søkte berre på skule i Sogndal ettersom me blei fortalt at me skulle få fortsette i Sogndal. Dei som da ikkje vil flytte frå familien har ikkje moglegheit for å søke seg inn på ei anna linje.

Me har fått mange moglegheiter til å utvikle oss i Sogndal ved hjelp av strøyming på UKM, Sogn Avis, NRK, porten.no, Gasta design, Fjellsportfestival og mykje anna mediearbeid. Dette har me gleda oss veldig til, men får ikkje moglegheita til å kunne gjere dette om me må flytte til Førde. Me tykkjer det er trist om dette skjer.

Dette er den einaste kreative linja i vår region, og me vil ha denne kreative delen, utan å måtte flytte langt heimanfrå, og dette trur me dei som kjem etter oss og vil ha som alternativ når dei skal søke på skule.

Digital kompetanse eg veldig viktig vidare i livet, og det blir lettare å skaffe seg jobb seinare i livet med denne kompetansen.

Det er mange elevar som er interessert i fotball, og det å få jobbe med Sogndal fotball er ein stor fordel for oss.

Me observerer blant folk på vår alder, dei som er yngre at det er mange som tvilar på å søke på media linja fordi det er så mykje usikkerheit rundt den.

Grunnen til at søkjartalet i Sogndal har minska er nettopp fordi Sogndal vgs ikkje har sikra 3 år! Og det og ta vekk andre året kjem ikkje få Sogndal vgs til å bli meir attraktiv.

Me har blitt lova 3 år i Sogndal av fleire lærarar. Etter at søknadsfristen har gått ut kan me bli tvinga til å droppe ut eller flytte til Førde.

Skulen har også nettopp kjøpt inn masse nytt utstyr og det blir synd om me ikkje får utnytta dei fullt ut.

Ikkje alle kjem til å få så mykje i stipend så det kan bli problem med at det er dyrt.

Medium og kommunikasjons-linja ved Sogndal vgs risikerer å bli lagt ned.