Svar til Kåre Lerum

Publisert 25.06.2019 kl. 10.02.

LESARINNLEGG 3. juni skriv Kåre Lerum om kva han ville ha satsa på i nye Sogndal.


Dette er jo ei kommunesamanslåing som i grunnen ingen ynskte, i alle fall i den forma ho har fått. Men me må jo prøva å gjera det beste ut av det. Med Kåre Lerum sitt opplegg trur eg nok at nyekommunen skulle fungera fint.


På den andre sida er eg redd at mange heller vil tenkja «alt til kommunesenteret». Dei gamle sogndølene har reint fleirtal av folket i den nye kommunen og kjem truleg til å få eit endå større fleirtal i kommunestyret. Det står dei fritt å nytta fleirtalsmakta til å køyra over alle punkt i intensjonsavtalen, dersom dei ynskjer.


Me balestrendingar har på ein måte ikkje så mykje å stilla opp med i denne samanhengen. Me har sjølve gjennomført altfor mykje samling til kommunesenteret, og mang ein balestrending kjem kanskje til å møta seg sjølv i døra den dagen nye Sogndal er ein realitet? Men me har likevel noko å visa til: Me har gjenoppretta ein grendeskule som var nedlagt. Knapt nokon annan kommune i dette landet har gjort noko liknande. Det er noko å vera stolt av. Enno - eller helst difor - går kommuneøkonomien no i balanse. Hadde ein gjenoppretta skulen på Nessane også, hadde kanskje økonomien gått med overskot?


Eg gler meg over at Kåre Lerum ynskjer ferjekai på Verken. Dette var noko eg i si tid sjølv kasta fram, men neppe som den fyrste. Lerum nemner også bru Hella-Dragsvik. Det trur eg er ei klok prioritering i forhold til bru over Esefjorden, fordi det er eit meir realistisk prosjekt når det gjeld kostnad og nytte. Likevel vil eg seia at det logiske framhaldet av ferjekai på Verken heller vil vera ei tunnelløysing mellom Vetlefjorden og Fjærland. Dette er det samferdsleprosjektet som Lerum gløymer. Kanskje fordi han har mest fokus på tungtrafikken?


Samferdsle er meir enn tungtrafikk. Samferdsle er også reiseliv og lokaltrafikk. Og kjensla av ikkje å vera innestengd om vinteren. Som eg har peikt på i tidlegare innlegg er Vetlefjorden-Fjærland den store samferdslesaka i den nye kommunen. Det vil gjera nye Sogndal landfast og gje eit løft både for Balestrand og Fjærland og ikkje minst for reiselivet.


 


 


 


Siste saker Gå til framsida