TRENG OPPUSSING: - Ikkje berre bassenget treng vøle; heile bygget treng rehabilitering. Nye vindauge, tett tak og opprusting av slitne veggflater, skriv Ingunn Marie Myren. (Arkivfoto)

Tommelen opp for basseng - borna på Leikanger fortener det!

Debatt

Ein treng slett ikkje byggja nytt basseng på Leikanger. Bassenget står der - tomt for vatn.

Publisert 21.06.2019 kl. 10.32.

LESARINNLEGG Ikkje berre bassenget treng vøle; heile bygget treng rehabilitering. Nye vindauge, tett tak og opprusting av slitne veggflater. Ungdommen treng tenlege skulelokale, og det estetiske rundt ein betyr noko i kvardagen.


Det er ikkje mykje oppløftande når prosjektrådmannen har negativt fokus på Leikanger. Det staselege Tinghuset er ikkje godt nok til nyekommunen. I staden skal ein bruka pengar på å leiga lokale. Ein sluttar ikkje å bruka slottet om det er gamalt! Ein gjer noko med det slik at det fungerer! Ta ein tur til utlandet og sjå korleis gamal arkitektur kan bli koma til sin rett og bli funksjonell i lag med nye bygningar. Det gjeld å sjå mulegheitene!


Leikanger ungdomsskule var praktbygg i si tid, men 50 år merkast. No må noko gjerast. I årevis har ungdommane engasjert seg for å få vatn att i bassenget. Gong etter gong har det vorte vonbrot. No seier prosjektrådmannen at «det må leggjast på vent». Tvert imot - det er på høg tid å gjera noko før forfallet blir endå større.

IKKJE OPPLØFTANDE: Det er ikkje mykje oppløftande når prosjektrådmannen har negativt fokus på Leikanger, meiner Ingunn Marie Myren. (Arkivfoto)

«Bassenget på ungdomsskulen på Leikanger er på 12,5 meter.» Kjempeflott! Her har du god oversikt over heile bassenget. Det er ypparleg som opplæringsbasseng. Det veit eg som har vore symjelærar i årevis. Samstundes har eg hatt mange rundar med å bera borna mine i 25 meters bassenget i Sogndal fordi dei ikkje nådde botnen. Det egna seg rett og slett ikkje til dei yngste borna.


«I tillegg til store byggjekostnader, vil drifta av bassenget vera kostnadskrevjande, både når det gjeld personell, straum og reinhald/reinsing», seier nyerådmannen. Klart det kostar! Både rehabilitering og nybygging er ikkje gratis! Det gode her er at ein har faktisk grunnarbeidet til bassenget, så det er ei innsparing. Noko må likevel bli nytt med tanke på nye forskrifter. Sidan eg i mange år har vore med å drifta bassenget, veit at det kostar. Personell knytt til drifta trengst også. Det har me takla fint før, og kom det noko nytt, så sende me folk på kurs. Dette går an å få til! Er det ein stad det ligg til rette for å nytta fjordvarme, må det vel vera her der bygningen ligg i fjøresteinane. Det finst løysingar!


Eg forstår at det er mangt på ynskelista i nyekommunen. Hadde eg halde til på Kaupanger hadde eg tykt at å få Vitensenter er kjempeflott. Tenk kva det kan gje av opplevingar for elevane! Avstanden gjer at me kan vel håpa at det vert som med besøk på museet - i alle fall eitt besøk i ungdomsskuletida.


For dei som held til i Fosshaugane-området må alle idrettshallene vera eit gode med tanke på variert aktivitet. Her kan ein finna på mykje både inne og ute. Det kan bli fine ressursar i nyekommunen, men i skulekvardagen er det nærmiljøet på den enkelte stad som er avgjerande. Det er bra med flotte fasilitetar både av det ein og andre slaget, men når ein arbeider i skulen må ein også ta med i reknestykket kor mange undervisningstimar ein skal bruka til å sitja på buss.


På mine reiser på skular i inn- og utland har eg møtt mangt. Eg skulle ynskja eg kunne seia som den eleven som gjekk på ein skule der det skorta på mykje, men det var noko positivt: Me har bassenget, då!


Me kan gå endå ein sommar i møte der det har gått bra med alle hopp frå stupebrettet på bryggja ved skulen. Eg håpar me får politikarar i nyekommunen som ser kva tilbod som trengst i alle delar av kommunen.


Siste saker Gå til framsida