PRIDE: Pride (her i Årdal førre fredag) har skapt litt debatt i våre spalter, i dag svarar Randi Førsund på påstandar frå Karoline Skarstein. (Arkiv)

Pride og flagglause raude dagar

Debatt

Publisert 25.06.2019 kl. 10.00. Oppdatert kl. 10.02.

LESARINNLEGG Tidlegare Sogndal-student, Karoline Skarstein, kjem med ei lang rekke synsing om korleis verda skal vera og faktisk er og etterlyser kunnskap. Vi som blir korrigert har til felles at vi har stilt kritiske spørsmål kring Pride. Oppalen av ein Ap-far og ei Sp-mor trudde eg vi levde i eit fritt land med ytringsfridom, også når det gjelde å uttale seg om Pride-rørsla. Problemet er at ein kan knapt stille spørsmål kring LHBT utan bli møtt med merkelappar som kunnskapslaus, hatprat eller mørkemenn.


Innlegget til Skarstein er i beste fall tufta på fråvær av grunnleggande fakta.


Ein kan ikkje samanlikne skulegudstenester som er del av landets eldste dominante trushistorie som har prega språk og kultur og trua hjå dei aller fleste etniske nordmenn, med nyare moderne innslag som er del av mangfaldet i Noreg i dag. 70 prosent av innbyggjarane her i landet er medlem av statskyrkja. I Sogn og Fjordane overkant av 80 prosent. Det er leikande lett å melde seg ut.


To prosent er medlem av Human-Etisk Forbund. Tal for Sogn og Fjordane har eg ikkje. Det er leikande lett melde seg inn.


Forsking, ikkje lausriven synsing frå ein spaltist, seier at kring 1,7 prosent har ein annan seksuell orientering enn heterofil.


Dei pussige påstandane i innhogget mitt var henta frå fagfolk og forskarar innan LHBT-feltet.


Vi har samstundes hatt Kristi himmelfartsdag og pinse, avgjerande kristne høgtider folk ikkje lenger har kunnskap om. Dette vart det ikkje flagga nemneverdig for, sjølv om det er nedfelte flaggdagar og raude dagar. Hadde folk sett seg inn i kva desse høgtidene faktisk representerer og gjer for kvar og ein av oss, hadde det med stor sannsyn vore annleis og kyrkjene hadde vore fulle. Eg meiner det er på høg tid kyrkja tek fråværet av forkynninga om kvifor vi har ei kyrkje på alvor. Viss ikkje meiner eg grunnlaget for å halde seg med biskopar og prestar med tomme kyrkjer som rotnar på rot over heile landet er vekke og grunnlaus. Ikkje minst skulegudstenester. Kan hende dei kan forklare Skarstein kva syndfloda dreidde seg om. Det er ikkje Kim Friele eller regjeringsmedlem som skal definere kven Gud er.