STRATEGI: Det er no me må nullstilla og leggja strategien for nye Sogndal kommune, meiner Kåre Lerum. (Arkivfoto: Terje Eggum)

Nye Sogndal kommune treng ein sterk hærførar

Debatt

Publisert 03.06.2019 kl. 15.45.

LESARINNLEGG Etter mange år med mykje kritikk til Sogndal kommune og leiarstilen, der og Sogndal Ap, Sogndal Fotball og Campus er trekt inn, må dei ansvarlege no vera audmjuke og leggja seg flate for kritikken. Til og med LO er forbanna på ein Ap-styrd kommune. Eventyret Fosshaugane Campus må verta oppfatta som noko positivt att. Dei som i si tid fekk bygt Campus skal ha ros, for Campus har vorte ein smeltedigel som har sett regionen enno meir på kartet og noko som me alle kan vere stolte av.


Men, tidene endrar seg og samfunnet endrar seg. Diverre har ikkje alle oppfatta at me no lever i ei ny tid med andre og nye utfordringar. Det er inga oppgåve for Sogndal Fotball å vera stor på eigedomsmarknaden,- det klarar dei private aktørane utmerka godt.


Til ordførarkandidat Kjetil Kvåle vil eg seie: Bygg eit nytt lag rundt deg. Det er tid for fornying. Det er ingen sjølvfølge at Ap vinn valet i september. Det sårar nok eit godt Ap-hjarta rundt om i Balestrand, Leikanger og kanskje gamle Sogndal, at Sogndal Ap tok full kontroll over nominasjonsmøtet på Leikanger.


At det kan vera politisk kamp er ingenting nytt. Då eg vart Høgre ordførar i 1978 følte eg også på kroppen at eg skulle «takast». Men, etter kvart vart mitt forhold til Ap så bra at dei ikkje stilte ordførarkandidat ved valet 2 år seinare. Kvifor? Fordi me klarte å samarbeida. Fordi eg trur at det viktigaste i ein kommune er at politikarane samhandlar og samarbeider godt på kryss av partigrensene.


Kunsten å selja varer har mangla fullstendig dei siste åra, og marknadsføring av varemerket Sogndal har ikkje vore bra i fleire saker. Det er omdømet me lever av.


Som over snittet samferdselsinteressert og vegforkjempar i fleire titals år, leiar i stamvegutvalet for E68 (no E16 med Lærdalstunnelen), samt styreformann frå start til mål i AS Fjærlandsvegen, har eg ikkje fått gehør for mine tankar om og forslag til nye vegprosjekt i Sogndal dei siste åra, mellom anna rv. 5 gjennom sentrum. Det er heller ingen politikar som har kome med noko motforslag, - berre nei eller ikkje svar. Dette trur eg det er fleire innbyggjarar som har følt i ulike saker, at det rett og slett ikkje har vore «bli med på laget» slik slagordet har sagt.


Men, no er tida komen for å sjå framover. No har me sjansen. Det er no me må nullstilla og legge strategien for nye Sogndal kommune. Kven tek (eller får) jobben som hærførar? Veljarane har svaret i september 2019.


Eg stiller meg sjølv spørsmålet: Korleis ville eg som kritikar ha lagt løpet?


No vert dette eit hypotetisk spørsmål til meg sjølv, men eg svarar likevel: Eg ville teke tid til å vera minst ei veke i Balestrand og Leikanger. Der ville eg ha møtt veljarane både ute og i heimen, - spurt dei om råd , - vore audmjuk og fortalt dei at alt ikkje skal til gamle Sogndal. Spurt dei kva som er viktig for dei inn i den nye kommunen.


Eg reknar med at programmet mitt hadde vorte lovnad om kamp for bru Hella-Dragsvik, opprusting av rv. 55 samt ny ferjekai på Verken, - i tillegg til skular, eldreomsorg, helse, kunst og kultur, - saker som alle parti er samde om.


Ferjekai på Verken gagnar heile Nye Sogndal kommune med 20 minutts avgangar til Vangsnes, - ja, du las rett, Vangsnes i Vik kommune. Eg vil berre stadfesta at eg ikkje har gløymt Vikjatunnelen. Kanskje Vik også kunne vorte med i ein ny Sognekommune på sikt? Bru Mannheller-Fodnes er sjølvsagt aktuelt i framtida, - eit titals milliardprosjekt som tek tid å planleggja. Det første møtet er alt halde.


Ja, det er mykje eg ville ha gjort. Lagt til rette for meir næringsutvikling til dømes. Ja for me må ha meir verdiskaping skal me finansiera velferdsstaten.


Men, eg er for gamal. Det er fleire og som er for gamle. No må me la den nye generasjonen få legge strategien.


Lukke til med valkampen!