FORKLARINGSPROBLEM: Johs B. Thue meiner at fleire politikarar i dagens Sogndal har forklaringsproblem om tilknyting til Fosshaugane Campus-miljøet.

Eigarskap og særinteresser i Sogn Næring AS. Kan Leikanger og Balestrand vera med på dette?

Debatt

Johs B. Thue skriv i dette innlegget at han av røynsle veit at det sjeldan oppstår røyk utan eld.

Publisert 23.05.2019 kl. 11.50.

LESARINNLEGG Folk spør meg kva som skjer i Sogndal Ap. Det blir skrive avisinnlegg om det same, seinast poengtert og stilsikkert av Trine Nylehn her i avisa. Eg kjenner ikkje Trine Nylehn og anar heller ikkje kva som skjer i Sogndal Ap, men veit av røynsle at det sjeldan oppstår røyk utan eld. Difor tok eg i bruk ein journalistisk metode for å sjå på nokre Sogndals-selskap.


Desse var: Kunnskapsparken Sogn og Fjordane AS, Sogn Næring AS, Sogndal Skisenter Eigedom AS, Sogndal Fotball AS, Sogndal Utviklingsselskap AS, Hangaren AS, FUS Sogndal AS. Fleire kunne ha blitt sett på.


Konklusjonen må vera at koplingar mellom selskap og personar i desse selskapa krev ei forklaring, elles blir det ikkje stilt. Forklaringar må aktørane sjølve koma med, sjølvsagt. Desse aktørane har både næringsroller og politiske roller.

Johs B Thue.

Etter kvart stogga eg mest opp med det kommersielle selskapet Sogn Næring AS, som er tiltenkt ei monopolrolle i utviklingsarbeidet i «nye» Sogndal kommune. Denne monopolrolla har selskapet sjølv tatt initiativ til å sikra seg på ein halvfrekk måte gjennom eit utgreiingsprosjekt frå 2017. Denne utgreiinga betalte selskapet sjølv, heiter det i årsmeldinga. Monopolstatus har dei så selt inn i det politiske miljøet og fått fullstendig gjennomslag, utan ein einaste kritisk tanke.


Kven eig Sogn Næring AS? Dei tre største aksjonærane i selskapet er Sogndal kommune, Sogndal Fotball AS og Sogningen Storsenter AS. Desse tre aktørane rår til saman over 70 prosent av aksjane og kontrollerer såleis i praksis selskapet. Sidan Sogn Næring AS i framtida skal driva utviklingsarbeid i bygdene i nye Sogndal, føreset det høg parts- og stadsnøytralitet.


Er Sogndal Fotball AS og eit handelshus i Fjøra, objektive, nøytrale? Sjølvsagt ikkje. Heimesida til Sogn Næring AS opplyser dessutan at eit nytt selskap med røter i Krambu-Fjøra snart skal nyorganisera seg ved at dei andre private aksjonærane i Sogn Næring AS, med ein eigarpost på 30 prosent, skal samlast under ein paraply. Det nye fellesnamnet på paraplyorganisasjonen skal vera Sogndal Næringsforening (Krambu-Fjøra), som Sogn Næring AS, av alle subjektive roller, utfører sekretariatsfunksjonar for i dag.


Kan ideen og vedtaket om Sogn Næring AS, med slike snevre eigar- interesser, og som monopolisert utviklingsaktør i heile kommunen, frå Tusviki til Årøysvingane, gå i lengda? Offentlege oppdrag over ein viss storleik skal etter norske og internasjonale reglar/lover lysast ut på tilbod. På ein privatisert marknad, og truleg med ein godt løynd rammeavtale der Sogn Nærings AS får monopol-status, kan snøgt alle bli taparar på grunn av mangel på korrektiv til oppdragspris.


Betre blir ikkje saka av den snevre eigarkrinsen i Sogn Næring AS, lokaliserte til Campus/ Krambu-Fjøra. Eitt anna uklart forhold: Sogn Næring AS eig 33,3 prosent av aksjane i Hangaren AS, som nyss forsynte seg grådig av statlege fellesmidlar til den nye kommunen. Desse midlane til subsidiar av flyreiser for primært offentlege tilsette og klimaforskarar har Balestrand null nytte av på grunn av ferjefrekvens, elendige vegar. Kan såleis eit monopolisert tiltaks-selskap i ein kommune ha eigarpostar i andre selskap, driva aktiv, politisk lobby-verksemd for sitt eige, del-eigde selskap?


Hangaren Sogndal AS skal ha plass til fly på Haukåsen. Denne plassen kan snøgt bli fortrengd av rom for bukkar og havresekker.


Oppsummert: Fleire sentrale politikarar i «gamle» Sogndal kommune har i beste fall eit forklaringsproblem på den røyken og elden som går ut frå Campus i dag og inn i Sogndal Ap, og som nedfeller seg i ein rykteflaum utan sidestykke. Tre toppkandidatar til kommunevallistene (Ap, Sp, Venstre) kjem frå Campus-miljøet. Med bakgrunn i den stads-subjektive eigarstrukturen i Sogn Næring AS må sjølvsagt næringsinteressene Balestrand og Leikanger, for si eiga framtid si skuld, organisera seg annleis enn gjennom det snevre Fotball- og Krambu-Fjøra selskapet Sogn Næring AS. Avgrensa særinteresser kan vera ok, men ikkje der ein kommune kjøper monopol-tenester.


Sogn Næring AS si verksemd er dessutan sentralisering av arbeidsplassar til Sogndal, stikk i strid med intensjonane om at administrasjonen i den nye kommunen skal vera på Leikanger. Allment næringsarbeid i ein kommune er administrasjon. Skal denne intensjonen no undergravast av sær- og maktinteresser i Sogndal sentrum?


 


 


 


Siste saker Gå til framsida