SENTRAL: Bygdesamfunnet i Fresvik er samstemt i at skulen er heilt sentral i trivnaden til både born og bygdefolk elles og dessutan livsviktig for bygda si framtid. (Arkiv)

Ber politikarane om å anerkjenna livskrafta i bygda

Debatt

Kommunestyret i Vik skal fredag ha føre seg ein eventuell uttale til søknaden om etablering av privatskule i Fresvik. FAU ved Fresvik skule meiner privatskulen kan setja Vik på kartet med positivt forteikn.

Publisert 22.05.2019 kl. 12.22.

LESARINNLEGG Økonomiske vanskar har tvunge fram nedlegging av tre skular i Vik, Fresvik skule er ein av desse. Bygdesamfunnet i Fresvik er samstemt i at skulen er heilt sentral i trivnaden til både born og bygdefolk elles og dessutan livsviktig for bygda si framtid.


11. desember 2018 gjekk foreldrerådet i Fresvik inn for å utarbeide ein søknad om godkjenning av privatskule i samarbeid med Fresvik bygdalag, som var sterkt og positivt engasjert i saka. Dei valde eit interimsstyre for skuleselskap. Det vart opna for å teikne aksje og invitert til skipingsmøte 6. januar i år.


Skipingsdagen synte bygdefolket i Fresvik at heile lokalsamfunnet stiller seg bak initiativet. Me trengde 100.000 i kapital for å kunne søke. Det vart reist 362.000 på eit døger. I løpet av dei to neste døgera vart stiftingspapira fullførte og signerte av til saman 79 aksjeeigarar. Det er ikkje ei foreldregruppe som søker om å få etablere privatskule for sine born. Det er eit heilt bygdesamfunn, inklusive utflytte, som ynskjer fortsett liv for bygda si. Det er dette som gjer at Fresvik EnSpireskule vil verte levedyktig. Det gjer at Fresvik EnSpireskule kan vere med å setje Vik kommune på kartet med positivt forteikn, som ein plass der utfordringar og vanskar vert snudd til utvikling og nyskaping, ein plass der det vert løfta i fellesskap.


Dette kan verte den fyrste EnSpire skulen i fylket, og mellom dei første i landet. Pr. dato vert to skular drive etter denne læreplanen, og nokre få søknadar er under handsaming. Skulen kan i seg sjølv tiltrekke seg nye innbyggjarar som ynskjer ein slik skule for sine born.


Det er krevjande å etablere ein privatskule. Første og andre steg er gjennomført; å etablere eit selskap og å utarbeide ein søknad. Neste steg er å få søknaden godkjend. Her kan Vik kommunestyre velja å støtte oppunder dei positive kreftene eller dei kan velja å slå dei ned. Kommunestyret kan og halde seg nøytrale. Å la vere å sende inn uttale er eit signal om at kommunen ikkje har merknadar til saka, noko som er betre for søkar enn ei fråråding.


Ein kommune skal støtte oppunder positive initiativ og framelske innovasjon og nyskaping til beste for kommunen og innbyggjarane. Me les saksutgreiinga og innstillinga i saka frå formannskapet og er djupt skuffa.


Saksutgreiinga førespeglar at oppstart av privatskule vil kunne føre til nedlegging av Feios skule. Det er ikkje rett. Å behalde Feios skule er eit spørsmål om politisk vilje. Påstanden botnar ikkje i kunnskap om skulekvalitet og innsikt i kva som er ein drivverdig skule.


Utdanningsdirektoratet har sett +/- 15 elevar som ei grense for ein forsvarleg skuledrift når det gjeld privatskular, dei meiner då neppe at slike skular vil få for dårleg kvalitet. Forsking på skulekvalitet syner at små skular slett ikkje står til bake for store. Feios skule har tvert om utmerkt seg som særs god, og andre kjem på besøk for å lære.


I foreldremøte i Feios i haust, der kommuneadministrasjonen orienterte om den siste runden i skulestruktursaka, vart det framstilt slik at Feios skule er avhengig av elevane frå Fresvik for å kunne halde fram med å vere ein god skule. Dette møtte protest frå fleire frammøtte. Det vart også argumentert imot av rektoren ved skulen. Ho understreka at skulen er fullt drivverdig med det elevgrunnlaget den hadde før skulestrukturendringa vart vedteken, og at den dessutan vil få fleire elevar enn det kommunen legg til grunn.


Både i skulestruktursaka og i saksutgreiinga om privatskule vert framskriving av elevtal synt fram, basert på SSB-prognosar. Prognosar er rekna ut med matematiske modellar og skildrar den generelle utviklinga i eit område. Jo mindre del av samfunnet som skal skildrast, jo lægre verdi har prognosen. Ein vel likevel å syne desse tala, framfor dei tala ein allereie har på barnetal jf. born under skulealder. Desse tala taler prognosane i mot, og speglar ein større optimisme nettopp i Feios enn den generelt nedgåande trenden for bygdesamfunn i regionen. Det lyt òg rettast opp om krav til elevtal for privatskular. Kravet er 15 elevar minst ein gong i løpet av tre år, ikkje over tre skuleår i samanheng slik det står i saksutgreiinga.


De vert som politikarar presentert tal for kor mykje kommunen taper i rammetilskot utan at summen vert korrigert med kor mykje de sparer i utgifter. Feios skule er planlagt å auke lærartalet med ei full stilling som fylgje av auka elevtal, dette vert då ikkje naudsynt. Dersom me kan få overta skulebygningen vil kommunen og spare driftsutgifter, for bygningen lyt haldast ved like så lenge det er barnehagedrift i bygget. Når det gjeld skyss, som er sett opp som kostnad vert denne posten heilt minimal, nesten alle ungane vil kunne gå eller sykle til skulen. I saksutgreiinga for skulestruktursaka i kommunestyremøtet 22. november er derimot innsparingar rekna inn, og det kjem fram at kuttet i rammetilskot ikkje trer inn før etter to år etter oppstart av privatskulen. Her stod det å lese «Økonomisk vil ein difor ta ut forventa innsparing ved å leggja ned Fresvik skule sjølv om det blir oppretta privatskule».


De vert synt eit kart som skal illustrere reisetid der køyretid med privatbil er einaste konkrete tal. Det vert opplyst at reisetida frå heimen til busstoppen lyt plussast på, men det er likevel ikkje tydeleg kva som er reisetida for elevane. I dag startar bussen til ungdomsskuleelevane kl. 07.45 og skulestart er 08.30. Dette er ein enkel faktaopplysning, likevel får de berre opplyst at turen tek 20 minutt pluss.


Me bed dykk som politikarar om å anerkjenne den livskrafta som ligg i bygda som noko positivt, og ta imot tilbodet om å gje kommunen ein nyskapande og attraktiv privatskule. Me bed dykk om å løfte i lag med oss og la vere å drepe framtidstrua for bygder og kommune ved å lytte til dei som meiner det er rett å slå beina under eit slikt initiativ.