VANDRING FREDAG: Kunstnarane Arne Rygg, Kurt Johannessen, Anne-Lise Stenseth, Karen Helga Maurstig, Unn Kristin Laberg, Pia Sandstrøm, Aud Marit Skarrebo Holmen blir å treffa under opninga. (Pressefoto)

Wittgenstein gav idé om kunstprosjekt

Fredag opnar Ord og Sted, eit kunstprosjekt som har henta inspirasjon frå filosofen Ludwig Wittgenstein.

Publisert 18.06.2019 kl. 11.45.

Opninga er ei vandring leia av kunsthistorikar Silje Heggren og oppmøtet blir i Fjordstova på Skjolden.


Sju kunstnarar

Temporære, stadspesifikke kunstverk er plasserte i Skjolden sentrum og på vegen mot hytta til Wittgenstein, går det fram i ei pressemelding frå arrangørane.


Det er kunstnarane Kurt Johannessen, Unn Kristin Laberg, Anne-Lise Steinseth, Arne Rygg, Pia Sandström, Karen Helga Maurstig og Aud Marit Skarrebo Holmen som har laga kunsten.


Under opninga vil kunstnarane vera til stades.


Starta i april

Kunstprosjektet Ord og Sted starta med seminar i Skjolden i april 2019 og har halde fram med ein workshop.


Kunstverka er utarbeida på staden i løpet av to veker, opplyser arrangørane Aud Marit Skarrebo Holmen og Karen Helga Maurstig.


Prosjektet har fokus på Wittgensteins filosofi i møte med ord og tekst som uttrykksform i biletkunst. Ein vil sjå installasjonar, objekt, dokumentasjon og performance.


Les meir om: Kultur Luster

Siste saker Gå til framsida