ARTISTSLEPP: Thea Hjelmeland blir å høyra på Vinjerock 2019. (Arkivfoto)

Thea Hjelmeland til Vinjerock

Vinjerock offentleggjer no dei første artistane som kjem til festivalen til sommaren.

Publisert 29.10.2018 kl. 07.18.

- Det er ein herleg blanding av store toppar og nye namn, alt med skyhøg kvalitet. Ei samling artistar, som i all sin sjangerbreidde speglar Vinjerock svært godt, seier bookingsjef John Olav Hovde om det første artistsleppet til neste års festival på Eidsbugarden.


På lista står mellom andre Thea Hjelmeland.


«Popdronninga frå fjordfylket vest for Valdres skal ta med vinjerockarane inn i sitt elektroniske og magiske poplandskap, med tekstar som rystar godt i kroppen», skriv arrangørane i ei pressemelding.


Kjem attende

Både Sigrid frå Sunnmøre og Real Ones frå Bergen har vore på festivalen tidlegare - og kjem attende i 2019.


I år får Vinjerock for fyrste gong besøk frå over atlanteren. Ladama har medlemmer frå Columbia, Venezuela, Brasil og USA.


- Ladama er ein herleg smeltedigel av latinamerikansk musikk, energisk framført av unge musikarar som set sitt eige, tydelege stempel på musikken. For oss er det viktig å presentera musikk fra andre delar av verda. Det gir eit mangfold til programmet og det er med på å skapa dei unike opplevingane i fjellet. Det er langt fra strendene i Brasil til Jotunheimen, men musikken er grenselaus, seier bookingsjefen.


Meir i vente

Med i det første artistsleppet til Vinjerock 2019 er også Emir, Malin Pettersen, Pom Poko og Get Dancy med 9 grader nord på laget.


John Olav Hovde opplyser i pressemeldinga at det framleis er meir i vente til neste års festival.


Les meir om: Kultur Festival