SOLIST: Leif Ove Andsnes skal 24. juni vera solist på festkonsert med Orkesteret Fossegrimen i Kviknesalen i Balestrand. (Pressefoto: Gregor Hohenberg)

Stjernepianist til Balestrand

Feirar 100-års jubileum med verdsstjerne på laget.

Publisert 18.06.2018 kl. 19.57.

Orkesteret Fossegrimen fylte 100 år i 2017, og jubileumssesongen vert avslutta med festkonsertar i Gamlekinoen på Voss laurdag 23. juni og i Kviknesalen i Balestrand sundag 24. juni, der den kjende pianisten Leif Ove Andsnes skal vera solist med orkesteret.


- Det er ikkje ofte me får vitjing av verdskjende klassiske musikarar i vår region, og endå sjeldnare er det at me får høve til å spela saman med dei. Me gler oss stort til å framføra Mozarts vakre pianokonsert nr. 21 i C-dur med han. Elles byr orkesteret på eit velklingande program med musikk frå Hundrad folketonar frao Hardanger av Geirr Tveitt, Finlandia av Jean Sibelius, to ungarske dansar av Johannes Brahms og Hyldningsmarsjen frå Sigurd Jorsalfar av Edvard Grieg, seier Peder Ringdal i ei pressemelding.


Han er styreleiar i orkesteret, som no har 40 aktive medlemmar. 


Leif Ove Andsnes er ein av dei aller fremste utøvarane på sitt instrument i dag, og med sine gjennomreflekterte tolkningar og imponerande teknikk har han gjort stor lukke både nasjonalt og internasjonalt. Han held solokonsertar, og han er stadig solist med dei fremste orkester i verda.


Orkesteret Fossegrimen vart starta på Voss i 1917. I orkesteret er det både amatørar og yrkesutdanna musikarar som er rekrutterte frå heile regionen. Fossegrimen har full symfoniorkesterbesetning, og fast dirigent og kunstnerisk leiar er fiolinisten Dagfinn Rohde.