TIL FRESVIK: Thea Hjelmeland er mellom artistane som blir å høyra på Fres Festival i sommar. Her frå då ho vitja festivalen i 2015. (Arkivfoto)

Spellemann-nominerte artistar på første artistsleppet til Fres Festival

Fres Festival har annonsert fire av artistane som kjem til Fresvik siste helga i juli.

Publisert 11.02.2019 kl. 14.19.

Dei fire er Thea Hjelmeland, Amgala Temple, Frøkedal og Amanda Tenfjord, går det fram av ei pressemelding.


Spellemann

Både Hjelmeland og Amgala Temple var blant artistane som før helga vart nominerte til Spellemannsprisen. Amgala Temple i open klasse og Thea Hjelmeland for årets låtskrivar og kategorien indie.


- Hjelmeland, fylkets største artist, har gjeve ut plater sidan 2012. Ho er ikkje ukjend for den gjeve musikkprisen, då ho i 2015 sanka inn ein Spellemann som Noregs beste indieartist. Amgala Temple er ein jazzprogtrio beståande av Lars Horntveth, Amund Maarud og Gard Nilsen, som mellom seg har bakgrunn frå alt frå Jaga Jazzist, via Susanne Sundfør til a-ha, fortel Gunnar Husabø i festivalleiinga.


Siste helga i juli

Anne Lise Frøkedal har etterkvart vorte ein kjenning av festivalpublikummet på den årvisse festivalen i Fresvik.


- Ho står for ein minimalistisk pop og har to kritikarroste utgjevingar bak seg frå 2016 og 2018. Amanda Tenfjord, det siste skotet på festivalprogrammet, er ein ung artist frå Ålesund som på eit par knappe år har fått stor merksemd frå både nasjonal og internasjonal musikkpresse som ein særeigen, karismatisk og talentfull artist, seier Husabø, og lovar at dette berre er starten på det som skal bli eit festivalprogram som overgår alle forventningar.


Fres Festival går som alltid av stabelen siste helga i juli, som i år er 25.-28. juli.


Les meir om: Kultur Festival Musikk Vik