STIPEND: Jostein Avdem Fretland frå Lærdal er mellom dei som har fått arbeidsstipend frå fylkeskommunen i år. (Arkivfoto)

Seks kunstnarar har fått stipend

Seks kunstnarar frå fylket har fått stipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2019.

Publisert 02.10.2019 kl. 15.01.

Stipenda er fordelte på tre arbeidsstipend og tre stipend til unge kunstnarar i etableringsfasen, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Dei tre som får arbeidsstipend er:
Jostein Avdem Fretland, musikkprosjekt - 30 000 kroner
Sigrid Bjørkedal, kunstprosjekt - 50 000 kroner
Karina Siegmund, kunstprosjekt - 35 000 kroner

Og dei tre som får stipendet til unge kunstnarar i etableringsfasen er:
Jon Werede Hope, danseprosjekt - 50 000 kroner
Øystein Frøyland, filmprosjekt - 30 000 kroner
Elise Årdal, kunstprosjekt - 25 000 kroner

To fagjuryar har kome med innstilling til kven som skal få stipend. I 2019 var fagjuryane sette saman slik:

Fagjury for visuell kunst:
Erlend Haugen Herstad, hovudval for næring og kultur
Karen Helga Maurstig, Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane
Vilde Jensen Hjetland, Norske kunsthåndverkere Vest-Norge

Tverrfagleg fagjury:
Elise Hessevik, BRAK
Liv Basberg, Bergen Dansesenter
Stine Tveten, Vestnorsk filmsenter


Les meir om: Kultur Fylkeskommunen