EMMYLOU HARRIS: Den amerikanske countrydronninga trekte eit stort publikum til årets festival. (Foto: Natalie Liabø Hermansen)

Nær 17.000 på festival

Den 25 countryfestivalen går inn i rekka som ein av dei mest suksessrike. Med Emmylou Harris som hovudartist strøymde mange til festivalen.

Publisert 15.07.2019 kl. 10.52.

- Arrangementet har nærast gått knirkefritt. Stemninga har vore på topp, publikum ser ut til å ha smilt om kapp med sola og me har berre høyrt godord frå både artistar og publikum. Det er me sjølvsagt utruleg godt nøgde med, seier festivalsjef Arve Kleppe i ei pressemelding etter at fire dagar med countryfestival nærmar seg slutten.


Emmylou Harris var det største namnet som har vore på countrytreffet, ho spelte og song mellom anna i Breim kyrkje.


 


Farvel

Kleppe og arrangørstaben kan sjå tilbake på ei festivalhelg med ei rekkje høgdepunkt.


Eit humoristisk og flott farvel til Sogn og Fjordane, ein utseld kyrkjekonsert og nye og gamle countrystjerner fylde arenaen med fengjande musikk frå føremiddag til kveld.


16.900 konsertbesøk vitnar om stor oppslutnad.


Færre campar

- Det er noko færre gjestar på campinga enn i fjor, men me er langt over dei føregåande åra. Samstundes selde me i år mange fleire dagbillettar, spesielt på laurdag, då mange møtte opp for å høyra mellom anna Emmylou Harris. Me ser også at det er stor oppslutnad på fleire av konsertane, og det er noko av det som er med på å lage den gode stemninga som me heile tida jobbar for, seier Kleppe.


Stordugnad

700 dugnadsfolk har stått på i forkant, under og no etter festivalen.


Dei har bygd opp scene, sett opp gjerde, pynta, laga mat, stått i grillen, servert mat og drikke, rydda opp, køyrt artistar og ordna opp i alle små og store spørsmål som dukkar opp når så mange menneske er samla i fleire dagar for å nyta festivallivet.


- Utan dei hadde dette vore heilt umogleg. Me er så glade for den velviljen alle viser ved å stille på år etter år. Det er berre å ta av seg cowboyhatten for dei. Utan eit så godt mannskap og system hadde me ikkje klart å skape den gode ramma som publikum opplever, seier Kleppe.


Vil ikkje veksa

Han er samstundes klar på at festivalen har funne si form, og ikkje ynskjer å veksa seg noko større.


Allereie no er planane for neste års festival i gong, men Kleppe er taus om kva publikum kan forventa seg. Men at arenaen er klar for å ta i mot eit nytt festivalpublikum 9.-12. juli 2020, det kan han garantera, opplyser festivalen i pressemeldinga.


 


Les meir om: Kultur Festival