STYRELEIAR: Styreleiar Laura Kvamme og resten av styret i Musea i Sogn og Fjordane vil sikra drifta og utvikla tilbodet ved Sunnfjord Museum. (Arkivfoto)

Museumsstyret vil sikra Sunnfjord Museum

Ber administrasjonen setja i gang tiltak med ein kostnad på inntil 4 millionar kroner.

Publisert 21.04.2019 kl. 19.49.

«I den seinare tida har det vore ein diskusjon i offentlegheita om Sunnfjord Museum si framtid som har skapt uklarheiter. Styret i Musea i Sogn og Fjordane ønskjer derfor å bidra med ei klargjering», skriv styret i ei pressemelding.


Lukka avvik

I pressemeldinga skriv styret vidare at 30. november 2016 godkjende Arbeidstilsynet ein tiltaksplan utarbeidd av Musea i Sogn og Fjordane og lukka dermed avvika som tilsynet hadde avdekka tidlegare i 2016. Tiltaksplanen hadde ei kostnadsramme på tre millionar kroner.


«Nokre av tiltaka er gjennomført, men dei mest kostnadskrevjande tiltaka har stått på vent av ulike årsaker, mellom anna grunna uvissa kring Kløften-prosjektet. Når Kløften-prosjektet no er lagt bort ønskjer styret i Musea i Sogn og Fjordane å få gjennomført denne tiltaksplanen så snart som mogeleg», skriv styret.


Nybygg og ombygging

Styret peikar vidare på at Musea i Sogn og Fjordane lenge har sett behovet for å utvika Sunnfjord Museum som ein god og attraktiv kulturhistorisk formidlingsarena.


«Når Kløften ikkje kan realiserast, må me utvikla eit nytt konsept. Dette er eit arbeid som Musea i Sogn og Fjordane vil prioritera høgt, og det er no etablert ei intern prosjektgruppe for eit nytt prosjekt. Denne gruppa er i gang med å kartleggja behova våre. Etter at behovskartlegginga er gjennomført er planen å utvikla eit nytt skisseprosjekt. Det vil ta noko tid å sikra tilstrekkeleg god kvalitet på dette prosjektet», skriv styret.


Styrevedtak

På bakgrunn av dette gjorde styret i Musea i Sogn og Fjordane 10.april følgjande vedtak:


«Styret syner til tiltaksplan for sikring av arbeidsmiljøet ved Sunnfjord Museum som Arbeidstilsynet har godkjent i brev datert 30.november 2016. Styret ber administrasjonen setje i verk tiltak i tråd med tiltaksplanen og godkjenner ei kostnadsramme på inntil tre millionar kroner. Styret ber vidare administrasjonen om å prioritere bruk av inntil ein million kroner til utvikling av eit skisseprosjekt for nybygg og ombygging ved Sunnfjord Museum i tråd med behovskartlegging.Styret føreset at administrasjonen finn finansiering til desse to tiltaka ved å omdisponera stiftinga sine eigne midlar. Styret ber administrasjonen førebu ein kvalitetssikra søknad om kommunale og fylkeskommunale investeringsmidlar i løpet av 2019.»


Les meir om: Kultur Nyhende Museum

Siste saker Gå til framsida