FRAMSYNING: Linda Eide skal på turné i Sogn og Fjordane med framsyninga "Oppdrag Mottro". (Foto: Ane Bysheim)

Linda Eide byr på ei personleg jakt i ei felles fortid

Laurdag 7. september står Linda Eide på scena i Sogndal kulturhus.

Publisert 26.08.2019 kl. 20.12.

I framsyninga «Oppdrag Mottro» utforskar ho både si eiga mor og det mytiske omgrepet gamle dagar. 


- I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd? Korleis lever gamle dagar vidare i notida? Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notid og ser seg ikkje tilbake, står det i omtalen av framsyninga, som held fram med ein smakebit: Linda: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? Mottro: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut.


«Oppdrag Mottro» vart spelt på Hordaland Teater i Bergen hausten 2018, og fekk gode kritikkar i fleire aviser.


Turneen her i fylket er i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater.


Eide er forøvrig aktuell som som prismottakar av årets «Storegut». Den fekk ho under prisutdelinga på Litteraturfestivalen i Vinje laurdag 24. august.


Prisen fekk ho for sin eineståande formidlingsevne som nynorsk og dialektbrukande journalist, programleiar, forfattar og scenekunstnar, som har gjeve henne eit stort publikum her til lands.


 


Les meir om: Nyhende Kultur Sogndal

Siste saker Gå til framsida