JUBILERER: Operahuset på Eid er ti år i 2019. Det skal feirast med ulike arrangement gjennom heile året. (Arkivfoto: Steinar Engeland)

Legg opptil stor feiring av 10 år med operahuset

Neste år feirar Operahuset Nordfjord ti år. Det skal feirast heile året.

Publisert 20.12.2018 kl. 17.29. Oppdatert kl. 17.47.

Det heile startar magisk med Alexx Alexxander 12. januar. So går det slag i slag.


Toppår

 2018 er det tredje beste året i Operahuset Nordfjord, når ein ser på billettsalet. 17.170 selde billettar er like under toppåra 2011 og 2013. Tek ein med arrangementa utan billettsal, er besøkstalet heilt på topp, med over 28.000 publikummarar.
  

- Det at publikum viser så stor interesse for operahuset i vårt tiande driftsår, viser tydeleg kor viktig eit slikt hus er for regionen, seier operahusleiar og kultursjef, Geir Holmen.


Lang feiring

No blir operahuset klargjort for nye, store opplevingar i 2019. Tiårsfeiringa vil foregå heile året, alle arrangement blir jubileumsarrangement. Sentralt står til dømes Fargespel, operaen Hans og Grete og skulemusikalen Oklahoma.
 

 - Vi er eit hus for alle, og skaper store og små opplevingar heile året, seier Geir Holmen.

25. - 27. april blir det bursdagsfest, nøyaktig ti år etter den offisielle opninga.


Siste saker Gå til framsida