FORFATTARBESØK: Forfattar Sivert Nesbø kjem til Luster, og skal lesa høgt frå boka si "Hauk" på festen for den nynorske barneboka. (Foto: Anna-Julia Granberg/BLUNDERBUSS)

Lagar fest for den nynorske barneboka - får besøk av forfattar

På menyen står høgtlesing, teater, forteljarverkstad, bokutstillingar og aktivitetar.

Publisert 27.09.2019 kl. 16.30.

Luster bibliotek og Rom for ord inviterer til fest for den nynorske barneboka laurdag 28. september. Ein fest for heile familien med leseglede både ute og inne, i Gaupne og i Solvorn.

BARNEBOK: Illustrasjon frå boka Hauk av Sivert Nesbø.

Fortel frå «Hauk"

Forfattaren Sivert Nikolai Nesbø er først ut på barnebokfesten. Han har skrive tre romanar for vaksne, men debuterer denne hausten som barnebok-forfattar.


Biletboka «Hauk» vert fortalt frå ein idyllisk, liten stad omtrent som ei av grendene kring Lustrafjorden. Hauk er saman med bestemor, bestefar og storesøster. Men kvar er pappa? Det kan ingen svara på. Hauk vert lei seg, og treng trøyst.


Får laga bokmerke

I biblioteket blir det både bokutstilling og bokmerkeverkstad. Det vert servert saft og heimebakte bollar til utebarnetimen på Hanaskjeren. Lesegledar, Dag Tore Dysvik, skal formidla frå eit knippe gode bøker først i utebarnetime, og seinare på dagen i innebarnetime i lesekroken til biblioteket.


Barneteater

Det vert også barneteater. Tove Jansson si forteljing «Det usynlege barnet» er utgangspunktet for ei forteljarstund med skodespelar Reidun Melvær Berge frå Sogn og Fjordane teater.


Framsyninga vert spelt både i Gaupne og i Solvorn. Det same gjeld høgtlesinga frå biletboka «Hauk».


Barnebokfesten er støtta av Bokåret 2019 og av Sogn og Fjordane fylkeskommune.


Les meir om: Kultur Luster