TILRETTELEGGING: I strategien blir det mellom anna sett på korleis ein kan styra ferdsel på fjorden slik at både reisande og innbyggjarar får gode opplevingar. (Arkivfoto)

Lagar besøksstrategi for folk og natur

Nærøyfjorden verneområdestyre har i lengre tid jobba med ein besøksstrategi som no blir sendt ut på høyring.

Publisert 08.10.2019 kl. 20.00.

Styreleiar Noralv Distad seier i ei pressemelding at besøksstrategien omhandlar verneområda i Nærøyfjordområdet med innfallsportar, og skal søke å oppnå ein god balanse mellom å ta vare på naturverdiane, gje gode opplevingar for besøkjande og leggje til rette for lokal verdiskaping.


Engasjement

- Området har eineståande kvalitetar, dei skal vi verne om og forvalte til glede og nytte for fastbuande og dei mange besøkjande. Styret vonar på stort engasjement i høyringsfasen, seier Distad.


I strategien blir det mellom anna sett på korleis ein kan styre ferdsel på fjorden slik at både reisande og innbyggjarar får gode opplevingar.


Stiar og turmål

Det blir vurdert i kva grad ein skal ha tilrettelagde ilandstigingsplassar for padlarar langs fjorden, og kva stiar og turmål som skal leggjast til rette for besøk, og kva område som bør haldast urørte.


- Me ser ein stor auke i folk som ynskjer å oppleve naturen rundt Nærøyfjorden, men det er ikkje alle område som toler større belastning. Då er det viktig å prøva å styra ferdsel til utvalde og godt tilrettelagde område, seier verneområdeforvaltar Jorunn Vallestad.


Tilrettelegging

I strategien blir mellom anna Brekkefossen, Bakkanosi og Rimstigen peikt på som populære turmål som kan trenge større grad av tilrettelegging, medan Undredalshalvøya, Bleia - Storebotnen og Grånosmyrane er lagt fram som område der ein bør unngå ny tilrettelegging.


- Dette er foreløpig eit framlegg, understrekar Vallestad og oppmodar folk til å engasjera seg.


Kom med innspel

- Sit du på kunnskap som burde vore med i planen? Eller har du innspel til område, stiar og turmål som burde bli betre tilrettelagde for ferdsel, eller område der ein bør unngå ny tilrettelegging? Då håpar me du sendar oss forslag innan høyringsfristen 11. november.


Besøksstrategien er å finna på nettsidene til Nærøyfjorden verneområdestyre og blir lagt ut til gjennomsyn på kommunehuset i Aurland, Lærdal, Vik og Voss.