TAKKSAM: - Eg er veldig takksam, det er kjekt å kunna avslutta mi tid i kunstlagsstyret med ei slik utmerking, seier Reidun Haugnes. (Foto: Norske Kunstforeninger)

Kåra til Årets Kunstforening: - Vel fortent

Høyanger Kunstlag har fått utmerkinga Årets Kunstforening.

Publisert 12.05.2019 kl. 12.44.

Kvart år deler Norske Kunstforeiningar ut prisen Årets Kunstforening. Heidersprisen vert til-delt ei kunstforeining som har utmerka seg med nyskapande arbeid eller gode prosjekt, og som kan vere til inspirasjon for andre kunstforeiningar.


For 2018 er prisen delt mellom Høyanger Kunstlag og Kongsberg Kunstforening.


«Årets jury har valt å gje prisen til to svært ulike, men like inspirerande kunstforeiningar. På kvar sin måte representerer dei det viktige arbeidet som vert gjort i mangfaldet av kunstforeiningar landet over», heiter det i ei pressemelding.


- Overraskande

- Dette var veldig overraskande, men me synest også det er vel fortent. Me har lagt ned ein stor frivillig innsats for kunsten, jubla avtroppade leiar Reidun Haugnes då ho mottok prisen.


Med stort engasjement og målretta arbeid har Høyanger Kunstlag etter nærast 20 år fått sine eigne lokale då Gunnar S. Galleriet endeleg opna 29. november 2018. «Annakvart år deler foreininga ut sitt eige stipend med påfølgande stipendutstilling, noko som har vore ein viktig del av foreininga sin profil og publikumsoppslutning. Juryen ynskjer å hylle vilje og pågangsmot over fleire år, som har gitt fantastiske resultat».


Takksam

- Eg er veldig takksam, det er kjekt å kunna avslutta mi tid i kunstlagsstyret med ei slik utmerking, etter å ha jobba for å få på plass galleriet i 20 år, seier Haugnes.


Ho ynskjer også gje ros til Høyanger kommune for det gode samarbeidet om Gunnar S. Galleriet, og for at kommunen har valt å prioritere kunsten.


Prisen er på 30.000 kroner.


Les meir om: Nyhende Kultur Høyanger