KLARE FOR BALEJAZZ: Per Áki Sigurdsson Kvikne, alias Kjartan Lauritzen, og DJ-bror Theodor Sigurdsson Kvikne er klare for den store scena under Balejazz. Her saman med pappa og festivalsjef Sigurd Kvikne. (Arkivfoto)

Kjartan Lauritzen kjem heim: - Klar til å rista litt i dette trehotellet

Kjartan Lauritzen avsluttar laurdagskvelden på årets Balejazz.

Publisert 13.03.2019 kl. 09.40. Oppdatert kl. 10.13.

Fenomenet Kjartan Lauritzen, aka Per Áki Sigurdsson Kvikne, skal avslutta jazznatta med eit forrykande show i Kviknesalen laurdag 4. mai. Det er ikkje første gongen han opptrer på heimebane, men han har aldri stått på festivalens største scene tidlegare.


«Det er ei stor glede for Balejazz å kunne ynskja Balestrands største gutunge velkomen heim!» heiter det i ei pressemelding frå festivalen.


- Vilt gøy

Med seg har han DJ-bror Theodor Sigurdsson Kvikne, bergensaren Daniel Lisæth, ny musikk og ein haug med hits. Meir lokalt blir det ikkje, men Kjartan Lauritzen har no vakse seg ut av dei små klubbscenene i dei største byane i Norge. I mars var han i aksjon i Oslo spektrum, og dei store sommarfestivalane slest om å få tak i han, går det fram av pressemeldinga.


No vender han tilbake til heimbygda, med «La meg være i fred», «Fenomenet», «Havanna», «Fredag» og alt det andre som følgjer med ein Kjartan-konsert.


- Det blir heilt vilt gøy å spela i heimbygda si, på verdens beste festival. Balejazz har alltid vore ein del av oppveksten min, og no er me så klar til å rista litt i dette trehotellet. Folk kan forventa fest, glede, dansing og ekstreme doser med god stemning og kjærleik, seier Per Áki Sigurdsson Kvikne.


Yngre publikum

Årets Balejazz er 4.-5. mai, og det fulle programmet for festivalen er rett rundt hjørnet, opplyser festivalsjef Sigurd Kvikne.


- Det blir som vanleg noko for einkvar smak. Alt frå smal jazz til store publikumsfavorittar og den tradisjonsrike gratiskonserten i hotellhagen. Men spesielt i år er at nokre av konsertane er retta mot eit yngre publikum, som me også håpar ringrevane blant publikum tek seg tid til å få med seg. Det kjem til dømes ein kjent DJ på Natthuset. Ja, så har me jo Kjartan Lauritzen, seier Kvikne.


Det er sjølsagt spesielt for han å vera festivalsjef og skulle sjå sin eigen son nå opp på den største scena i Balejazz.


- Det er kjekt at han har gjort det så bra, spelar rundt omkring i heile landet på dei største konsertscenene og at så mange høyrer på musikken hans på Spotify og YouTube.


Les meir om: Kultur Balestrand Musikk

Siste saker Gå til framsida