AUDITION: Gunn Marit Kvåle var tydeleg glad for å gå vidare i Idol etter audition i Bergen. (Foto: Endre Forbord/TV2)

Her får Gunn Marit (16) vita at ho er vidare i Idol

Gunn Marit Kvåle frå Sogndal er vidare i Idol.

Publisert 07.09.2018 kl. 20.39. Oppdatert kl. 21.36.

Ho fekk gullbillett frå domarane etter å ha sunge Kacey Musgraves-låten «Mother» under audition i Bergen, som vart vist i kveldens episode av Idol på TV2.


Domarane hadde dette å seie om Sogndalsjenta sin opptreden.


- Eg fekk ei veldig sterkt kjensle av at her er det ekte potensial, sa Silje Larsen Borgan og held fram:


- Du syng bra og har ei sjelfull stemme. Eg ser at dette betyr mykje for deg.


- Dette var lågmælt og lekkert, sa Gunnar Greve.


Tshawe Baqwa var ikkje like imponert, men det gjorde ingenting fordi Silje og Gunnar sende 16-åringen vidare.

GOD KLEM: Gunn Marit fekk ein god klem av dommar Tshawe etter at ho fekk gullbiletten. (Foto: Endre Forbord/TV2)

Gjort seg merka

Artisttalentet frå Sogndal har allereie gjort seg merka lokalt, og har opptredd på fleire arenaer. No får ho sjansen til å visa seg for eit enno større publikum gjennom deltaking i Idol.


Som kjent har Sogndal hatt fleire talent med i Idol, og Tone Damli Aaberge og Eva Weel Skram vart profilerte artistar etter det.


15 år med Idol

I år er det 15 år sidan Idol gjekk på TV for første gong. No sender TV 2 den tiande sesongen av songkonkurransen.


Årets dommarpanelt består av Tshawe Baqwa frå Madcon og artistmanagerane Silje Larsen Borgan og Gunnar Greve. Katarina Flatland er programleiar.


Les meir om: Kultur Nyhende Sogndal Ung

Siste saker Gå til framsida