Forteljaropera: Tormod Fuglestad (forteljar) og vossingen Kristin Bolstad (komponist) fortel historia om Johannes av Korset, og korleis han fann veg gjennom tortur og liding. (Foto: Arrangør)

Går djupt inn i det menneskelege i forteljaropera i kyrkja

Det blir forteljaropera, «Det innerste lyset» i Vangen kyrkje i Aurland fredag.

Publisert 09.08.2019 kl. 13.33.

«Det innerste lyset» er ei framsyning om å gje slepp, la alt gå, og gjennom det finna seg sjølv, sin eigen kjerne og fellesskapet med skapinga og jorda, går det fram av ei pressemelding.


Felles

Gjennom historia om Johannes av Korset, skapar forteljar Tormod Fuglestad, og Kristin Bolstad, komponist/utøvar, ei framsyning om å mista seg sjølv for å finna det som er felles for alt skapt.


Johannes var ein katolsk reformator, som på 1500-talet vart fengsla og torturert for si overtyding, men som gjennom fangenskap finn kjærleik og ein personleg veg til fellesskapet og ljoset.


Skapinga

I ei verd som vert riven mellom materielle og åndelege impulsar, kan det vera vanskeleg å førestilla seg kven ein er om ein ikkje har nokon ting. Om ein sit der aleine i mørket, kven er du då? Er du ein del av det levande livet? Kva med jorda og skapinga, er den ein del av deg? Er du ein del av den? Kan det vera Gud? heiter det i pressemeldinga.


Kristin Bolstad har tonesett Fuglestad sin tekst og Johannes sine dikt. I ein forteljing som går inn på personlege val og konsekvensar, kjærleik og hat, fridom og fangenskap, spelar dei to ei framsyning som går djupt inn i det menneskelege, og ser på ein individuell veg til å leva i pakt med seg sjølv om alt det som er skapt.


Les meir om: Kultur Aurland