TIL FØRDE: Karl Seglem kjem med bandet sitt til Førdefestivalen. Konserten er på Larris Scene onsdag 3. juli.(Pressefoto)

Gjensyn med Karl Seglem og andre publikums-yndlingar på jubileums-fesivalen

Karl Seglem er mellom artistane som tek turen til Førde når Førdefestivalen feirer 30-årsjubileum til sommaren.

Publisert 07.03.2019 kl. 10.23.

- Me feirer 30-årsjubileet med å invitera tilbake artistar publikum har ønskt å høyra igjen i Førde. Det blir gjensyn med både internasjonale og norske publikumsyndlingar, i tillegg til nye namn, fortel direktør Per Idar Almås, som er svært nøgd med den norske bolken han no kan presentera.


Karl Seglem

Først ut er Karl Seglem, saksofonisten, bukkehornspelaren, komponisten og poeten frå Årdal, som i fjor sleppte plata NUNATAK, og noterte seg for 6-arar på terningen i norsk og internasjonal musikkpresse.


- Eg gler meg stort til å presentera musikken min på Larris Scene onsdag 3. juli, ikkje minst å ha med meg heile det fantastiske NUNATAK-bandet mitt, seier Seglem.


Opp gjennom åra har han stått på scena i Førde både som solist og i samspel med ei rekkje folkemusikarar, men det er første gong han kjem med fullt band.


- Hardingfela har ein sentral plass i lydbiletet eg skapar, og då er det enormt å ha sjølvaste Håkon Høgemo og Sigrid Moldestad i ryggen, seier Seglem, som i tillegg har med seg Kåre Opheim på trommer, Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo på tangentar og Hallvard Gaardløs på bass.


Furebotten

Til årets festival i Førde kjem også Ragnhild Furebotten, felespelar frå Nord-Norge, kjend frå populære Hekla Stålstrenga.


Ho vil framføra musikk ho har skapt dei siste fem åra, ein periode der livet hennar har teke mange bråe svingar, og i dette prosjektet har ho med seg svenske Emilia Amper på nøkkelharpe og Frode Haltli på trekkspel. Tre store musikknamn i ein og same trio det er all grunn til å ha store forhåpningar til, heiter det i ei pressemelding frå Førdefestivalen.


På soloscena

På soloscena presenterer festivalen Johanne Flottorp frå Åmli, som er nominert til Spellemannprisen for den sjølvtitulerte debutplata si.


På denne scena vil ein i løpet av festivalen også kunne høyra Jo Einar Jansen, musikar, songar og komponist frå Frosta i Trøndelag, som har studert folkemusikktradisjonar i alle dei nordiske landa.


Søskenkvartett

Toppen av kransekaka for mange, trur festivalleiinga, blir kanskje gjensynet med søskenkvartetten Larsen og Hemsing i konserten To damer, to herrer.


- Gjermund og Einar Olav Larsen og Ragnhild og Eldbjørg Hemsing er i toppsjiktet på den norske folkemusikkscena og den klassiske musikkscena, fire solistar i stjerneklasse som søndag 7. juli set kvarandre i stemne i låven på Fjordamattunet. Dei fire vert også å høyra på gallakonserten laurdag kveld.


På Hafstadfjellet

Dei som tek turen til toppen av Hafstadfjellet laurdag morgon under festivalen, vil få høyra Vassvik, har eit røft og moderne lydbilde med joik, to feler, rammetromme og akustisk gitar.


I pressemeldinga vert det opplyst at Torgeir Vassvik gjev publikum eit friskt innblikk i det nordlegaste kystområdet på det europeiske fastlandet - og at hans heilt særeigne framføring av den arkaiske transeframkallande musikken til kystsamane er eit speglbilde av den røffe og vakre kystnaturen.


Frå Ottadalen

Folkemusikk med røter i Ottadalen blir sterkt representert når både Lendmenn og Aslak Brimi Kvartett står på programmet i Førde. Lendmenn vann gruppespelfinalen i Landsfestivalen i gammaldans også i 2018, og skal spela til dans i Førde, medan Aslak Brimi Kvartett skal ha ein ganske eksklusiv konsert på Gabriel Fliflet sin grenselause klubb laurdag kveld, skriva arrangørane.


Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presenterte frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26.000 besøkande kvart år. Første festivalen vart arrangert i 1990.


Les meir om: Kultur Nyhende Festival Musikk

Siste saker Gå til framsida