VANN FINALEN: Her er Gamlebanken Spelemannslag i aksjon under Landsfestivalen i Gammaldansmusikk. (Pressefoto)

Gamlebanken Spelemannslag til topps i Landsfestivalen

Plateaktuelle Gamlebanken Spelemannslag vann finalen i Lagspel fele/hardingfele under Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Publisert 11.08.2019 kl. 16.17. Oppdatert kl. 08.01.

Gamlebanken Spelemannslag konkurrerte mot Mukampen spel- og dansarlag, Østerdølenes Spellmannslag, Vågå Spelmannslag, Sør-Fron Spelmannslag og Lom Spelmannslag i finalen.


Med i Gamlebanken Spelemannslag er mellom andre Oda Heidi Bolstad og Mathilde Skjæret, begge frå Luster. Elles er fleire av medlemane frå Sogn og Fjordane.


Spelemannslaget sleppte nyinnspelt plate med slåttar under Landsfestivalen.


Pallplass

Det var fleire frå Indre Sogn som spelte til heider på Landsfestivalen. Hafslobelgen sikra seg tredjeplass i finalen for Lagspel durspel/trekkspel.


Dansevinnarar

Dansarane Anne Louise Drevdal og Tormod Øvrebø frå Jostedal spel- og dansarlag vann klass for Pardans senior.


Sigersrekka broten

Etter fire år på rad med siger i lagdans under Landsfestivalen i gammaldansmusikk, måtte «Lystringen» i år sjå seg slått av tre andre grupper. Dermed vart det fjerdeplass med 70 poeng på dansarane frå Luster. Også i år dansa dei reinlender.


Vinnar vart Onsdagsringen med 74 poeng. Det var 15 grupper med i klassen Lagdans senior. Jostedal spel- og dansarlag fekk 61 poeng og tiandeplass.


Les meir om: Kultur Luster