Ny STYRELEIAR: Arne Osland er utnemnd til ny styreleiar for Førdefestivalen. (Pressefoto)

Førdefestivalen har fått ny styreleiar

Arne Osland er utnemnd til ny styreleiar for Førdefestivalen frå 2019.

Publisert 28.12.2018 kl. 14.22.

Osland er utviklingsdirektør ved UWC Red Cross Nordic i Flekke, og er utnemnd til styreleiarvervet av Sogn og Fjordane Fylkeskommune for ein periode på to år.


Arne Osland tek over etter Tone Winje. Ho går av etter eige ønskje, går det fram av ei pressemelding.


- Motiverande

Arne Osland ser fram til å ta fatt på vervet som styreleiar for Førdefestivalen og leia festivalen inn i ein ny fase med den nye direktøren, Per Idar Almås.


- Oppgåva blir å vidareutvikla profilen som har vorte skapt dei åra Hilde Bjørkum har vore direktør, seier Osland og han finn det særleg motiverande at festivalen er ein møteplass for lokale musikkuttrykk, med heile verda som horisont.


Relevant erfaring

- På det området kjenner eg at erfaringa mi frå UWC kjem til sin rett. Akkurat som Førdefestivalen, er me i UWC opptekne av å finna fram til og dyrka kvalitet som ikkje er bunde av kommersielle omsyn, seier Osland i ei pressemelding. Og han legg til:


- Førdefestivalen løftar fram musikalske skattar på folkemusikken sine eigne vilkår, og folkemusikk er noko eg har vorte meir og meir glad i både som formidling av tradisjon, men også som ei form som gjev godt rom for innovasjon. Eg er klar til å spissa øyra og vera med på laget og håpar å kunne gjera mitt til å gje Førdefestivalen ei retning, seier han.


Les meir om: Nyhende Kultur Festival Musikk