FÅR STØTTE: Fres Festival i Fresvik er ein av festivalane som får søtte. (Arkivfoto)

Får støtte frå Kulturrådet

Ni festivalar i Sogn og Fjordane får til saman 9,2 millionar kroner i støtte frå Kulturrådet neste år.

Publisert 17.12.2018 kl. 11.45.

Balejazz har fått lovnad om 200.000 kroner, medan Fres Festival får 150.000 kroner.


I Sogn og Fjordane er det Førdefestivalen som får mest, 6,3 millionar kroner.


- Det er utruleg spennande å følgja utviklinga i Festival-Noreg, det blir stadig fleire festivalar og konkurransen blir tøffare. Det er difor svært krevande for utvalet å gjera naudsynte prioriteringar for å sikra god utvikling blant festivalane, seier Jan Ole Otnæs, som er leiar av Musikkutvalget for arrangør- og festivalstøtte.


Utvalet har fordelt 230 millionar kroner til 158 festivalar - fordelt på alle fylka i landet - for budsjettåret 2019.


Framveksten av nye festivalar har vore formidabel dei siste åra, med ein auke i talet på søknader fra rundt 175 for 2012, til rundt 275 for 2018. I denne runden vart det handsama 226 søknader, går det fram av ei pressemelding.


Siste saker Gå til framsida