SONG OG TONAR: Laurdag er forfattar Kjartan Fløgstad i Jostedalen og presenterer litt av forfattarskapen sin gjennom ord og tonar saman med musikar Gabriel Fliflet. Historikar Gunnar Yttri leiar samtalen. (Pressefoto)

Fløgstad i ord og tonar: - Det vert lite koseprat

Forfattar Kjartan Fløgstad, musikar Gabriel Fliflet og historikar Gunnar Yttri inntek Jostedalen laurdag.

Publisert 21.11.2019 kl. 20.20. Oppdatert kl. 20.29.

- Eg gled meg til samtale med ein forfattar eg set høgt. Men det vert lite koseprat. Skal dette verta stas må både mannen og verket setjast på prøve, seier Yttri.


Han skal leia samtalen når Fløgstad og Fliflet kjem til Jostedal bygdelag og Rom for ord sitt arrangement laurdag.


Stor forfattarskap

Fløgstad har gjeve ut over 50 bøker sidan debuten i 1968. Han har prega både den litterære og politiske debatten i Noreg. For boka Dalen Portland fekk han i 1978 Nordisk råds litteraturpris. I 2008 fekk han Brages ærespris.


I ei pressemelding skriv arrangøren at eit nytt høgdepunkt i forfattarskapen: «Due og drone» kjem til å stå sentralt. Romanen får overstrøymande mottaking av meldararne i bokhausten. Terning etter terning viser seks auke, og boka vert omtala som ei litterær storhending.


- Eg legg til grunn at det er denne boka som skal presenterast og samtalast om. Samstundes er det her fleire tema som Fløgstad har skrive om tidlegare. Stikkord vil mellom anna vera krigen, nynorsken, høgt og lågt i kulturen, viktige politiske og sosiale utviklingstrekk i samtidas Noreg, og å skilja sanning frå slarv, seier Yttri.


Tonesett dikt

Sjølv er Yttri også gitarist og songar, og i Jostedalen lovar han å framføra nokre av dei finaste Billa and the Kid-songane. Mellom dei er eit tonesett dikt av Kjartan Fløgstad.


Gabriel Fliflet har sett tone til fleire av Fløgstad sine dikt, og slår fylgje på trekkspel.


- For meg er det ei særleg glede å oppleva korleis litteraturen  livnar til med tonane til Fliflet og blir til song, både i hans eigen munn og i mange andre versjonar, seier Fløgstad sjølv.


Les meir om: Kultur Litteratur Luster