GJEV UT SI ANDRE BOK: Johs. B. Thue og Eirik Thue gav for to år sidan ut «Gryta i fjorden», no kjem boka «Utsikt og utakt», som er subjektiv skildring av turen frå Balholm over Gaularfjellet og vidare til Førde og Osen. (Pressefoto)

Far og son gjev ut bok

På dagen 80 år etter at Gaularfjellsvegen vart opna, kjem den lokalproduserte boka «Utsikt og utakt» ut.

Publisert 05.12.2018 kl. 18.26. Oppdatert kl. 18.37.

Forfattarar er Johs. B. Thue og Eirik Thue, far og son.


Den 6. desember 1938 blei Gaularfjellsvegen opna, med salutt og samling i Eldalsosen, der den gamle elva, Elda, renn ut i Storevatnet. Opningsferda gjekk vidare mot Sogn, til storfest på Kviknes Hotel om kvelden. Det låg kramsnø i fjellet, og den kjempesterke brøyte-legenden «Filefjellsgubben» var skyssa frå Lærdal til Vetlefjorden. To år hadde det tatt å gjera vegen ferdig, mest med handemakt. Ufatteleg for oss i dag.


Vegen blei bygd i utakt. Draumen var å koma opp til ei utsikt som gav framtidsvon og betre levekår gjennom sambindande infrastruktur. I botn for draumen låg nye, radikale og utalandske teoriar om krishandtering, nye idear om sjølve tempoet i vegbyggingskunsten. Denne utakten er grunntema i boka som kjem ut på dagen 80 år etter at vegen blei opna. Boka har fått tittelen «Utsikt og Utakt. Folketru og fossevern på framtidsveg mellom Sogn og Sunnfjord».


Utgjevar er det vesle forlaget «Sogn historiske verkstad» i Balestrand.


Utakt

Eit motiv for å reisa, fara på tur, byggjer på den krafta som undringa gjev. Turen over Gaularfjellet knyter tre fjordar saman: Sognefjorden, Førdefjorden og Dalsfjorden. Fjordane er vårt mest kjende ikon i dag, men på denne bokreisa møter me også under, i djup utakt. Ein slik utakt er den 25 kilometer lange Fossestien, som blei skapt då Gaularvassdraget blei varig verna i 1993. Verninga skjedde i synleg utakt: Mot dei største partia i fylket sin vilje, mot Hydro, mot Kjell Opseth, mot det etablerte. Det synte seg at ei laust organisert bygdegruppe rundt Gaularvassdraget var mykje meir orienterte om internasjonale straumdrag og trendar enn makt-eliten i Sogn og Fjordane. Slik sigra dei. Å gå Fossestien frå Torsnesstølen til porten av Haukedalen er kvild for sinn og sjel.


Boka byggjer på subjektive reiseinntrykk frå den gamle landsbyen Balholm til den nye byen, Førde. Reiseinntrykk er smelta saman med folketruer, opphavsegner og realhistorie. Gjennom innsamla folkeminne av særs kompetente forskarar får me mellom anna vita at Sværeskaret, passet på gamlevegen mellom to regionar, truleg er den staden der det spøkjer mest på heile Vestlandet. Farande blei utstyrte med vernande, mytiske trolldomsregler før dei sa farvel i Sværen. Regla har blitt hugsa heilt opp til nyare tid.


Mange stogg

Også i Førde har forfattarane jakta på utakt og stogga opp ved Signe Nydal sine fantastisk raspeballar, som til og med blir spesialforma til nyting og næring for trailer-sjåførar på ferja mellom Mortavika - Arsvågen i Rogaland. Potetretten raspeball er torsdagsmat, ikkje berre på norske kafear, men også i Roma og andre storbyar. Der er retten overrisla med smelta, skarp ost i kvit saus. «Signes raspeball», ein sals- og marknadsvinnar frå Førde i Sunnfjord, er såleis minst like internasjonal som Førde Internasjonale Folkemusikkfestival eller Førdefestivalen, kan me lesa. 


Me møter dessutan Steinkrossen på Bell, rosemåling og sosekjøt i Viksdalen, Oddvar Torsheim- kunst på ein vegg i idretts- og kulturbyen Førde, med herleg ange av gylle, Jakob Sande på Menes, laksetrapp i Osen pluss vekst- og framtidsstaden Sande i Sunnfjord. Me anar mellomalder og katolske gangdagar ved Hestad kapell. Turen startar i landsbyen Balholm med sin benke-kultur, med fem kongepokalar i Ese, og sluttar i nybyen Førde med refleksjonar over linjer og grunndrag i norsk distriktspolitikk. Synspunkta til Ap- politikaren Einar Førde frå Høyanger og filosofi-professor Gunnar Skirbekk stod kvasst mot kvarandre i dette spørsmålet. Alle reiser gjev undring, ikkje minst ved å ferdast på klassiske vegar, som lever av si eiga, indre kraft.


Les meir om: Kultur Balestrand

Siste saker Gå til framsida