GULL: Eva Weel Skram sitt debutalbum på norsk har selt til gull. (Arkivfoto)

Eva sitt debutalbum på norsk har selt til gull

Feirar med å sleppa akustisk låt til fansen.

Publisert 07.02.2019 kl. 12.28. Oppdatert kl. 12.30.

Albumet «Finne Heim», Eva Weel Skrams første på norsk, blei sleppt i haust og har allereie selt til gull.

Det skriv plateselskapet i ei pressemelding.

Sogndalsjenta har opplevd ein utruleg  suksess etter at ho byrja  å sleppa låtar på morsmålet, og under sitt eige namn. I løpet av dei siste par åra har ho spelt uttallige utselde konserter over heile landet, og opptredd på bortimot alle dei store tv-showa her til lands.

No står endå ein utseld konsert i Operaen i Oslo for tur, og i samband med den slepp ho også ein akustisk versjon av opningssporet på albumet: «Finaste», som ho har skrive til sonen.


Les meir om: Kultur Nyhende Musikk