FØRST UT: Bjørn Eidsvåg med band opnar årets Balejazz i Kvikesalen fredag 3. mai. (Foto: Janne Rugland)

Eidsvåg opnar Balejazz - sjå heile programmet til årets festival

Programmet for årets Balejazz er klart.

Publisert 15.03.2019 kl. 09.56.

Årets artistar

Bjørn Eidsvåg
Lava & Hanne Boel
Sigvart Dagsland med Tord Gustavsen
Kjartan Lauritzen
Thea Hjelmeland
Rebekka Bakken
Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen
Haakon Graf Trio
Mathias Eick m/Aase og Slettevold
Moon Hooch
The last hurrah!!
Nils Petter Molvær
Stilige Dann
Hildo
DJ Fredrik Saroea
Jazz, wine & dine med vinkelner Merete Bø og Sjur Hjeltnes
Unge talent

Bjørn Eidsvåg, Lava og Hanne Boel, Sigvart Dagsland og Tord Gustavsen, Thea Hjelmeland og Kjartan Lauritzen kjem alle til årets Balejazz.


Eidsvåg

Festivalen i år opnar med ein folkekjær artist som er ein av dei mestselgande i Norge, vert det opplyst i ei pressemelding. Bjørn Eidsvåg med band opnar årets Balejazz i Kvikesalen fredag 3. mai.

- Me er veldig glade for at Bjørn Eidsvåg opnar festivalen i år. Han er ein av dei best likte artistane i Norge. Og det er jo berre å velja og vraka mellom kjende songar. Dette blir ei veldig flott opning, seier festivalsjef Sigurd Kvikne.


Jazz og Lava

Utover kvelden kan jazztilhengarar få med seg Mathias Eick med vener, Brooklyn-trioen Moon Hooch og legendariske HP Gundersens «The Last Hurrah!!».

- Fredagskvelden under Balejazz blir avslutta av det me likar å kalla eit lokalt band frå Årdal. Veteranane i Lava, som kjem med ny plate i vår, går på scenen ved midnatt og har med seg ingen ringare enn den danske souldronninga Hanne Boel. Her blir det både godt nytt og godt gammalt.


Gratiskonsert

Den tradisjonelle konserten i Den engelske kyrkja har ein tendens til å bli utseld under Balejazz. Kanskje også i år, for då kjem Nils Petter Molvær, trompetisten, komponisten og produsenten som har endra impovisasjonsmusikken.

Det er også ein tradisjon med gratiskonsert i hotellhagen på Kviknes hotel.

- Denne laurdagen får me lokalt besøk av ein gjeng som spelar sin tribute til Steely Dan. Bandet Stilige Dann mønstrar lokale musikarar frå Sogn. Her er det nynorskgaranti.


Store konsertar

Laurdagsettermiddagen blir innleia av to store, norske musikarar. Sigvart Dagsland har fått med seg pianisten Tord Gustavsen til å spela frå ein 30 år gamal låtkoffert.

- Det lovar svært bra for musikalsk høgtid i Kviknesalen.

Festivalsjefen lovar at det blir det også når Thea Hjelmeland inntek den same scenen litt seinare på kvelden. Førde-artisten kjem til Balejazz med to rimeleg ferske Spellemannominasjonar etter si siste plate.

Rebekka Bakken er neste ut på samme scene.

- Ho er kanskje ukjend for mange i Noreg, men ho er ei stor jazzstemme i utlandet og spelar ofte på festivalar i Europa. No er den særeigne stemma klar for Balestrand.

Balejazz-kvelden er langt frå over når Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen inntek Kringså-scena saman og Haakon Graf Trio fyrer av fengjande jazzgroove på Bøyum.


Kjartan Lauritzen

Imens vil Balejazz servera ei heilt ny satsing på Natthuset denne laurdagskvelden, nemleg diskotek med DJ Fredrik Saroea frå Datarock. Dette blir ei opptakt til det som avsluttar kvelden i Kviknesalen, Kjartan Lauritzen.

- I årets program er det noko for alle. Alt frå smal jazz til store publikumsfavorittar som Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland. Men det er også kjekt å kunne mønstra fleire kvalitetsartistar frå nærområdet i Sogn og Fjordane. Fylket vårt har fostra fleire gode musikarar. Og fleire av dei kjem til Balejazz denne gongen, seier Sigurd Kvikne.


Ung musikk

Han dreg også fram ei litt ny satsing på ung musikk - som Kjartan Lauritzen, Moon Hooch og DJ Fredrik Saroea.

- Det er kvalitet i kvar konsert denne helga. Så for publikum kan det nesten bli vanskeleg å velja.

Festivalen går føre seg frå 3. mai til 5. mai.


Les meir om: Kultur Balestrand Musikk