MAGNUS PYM: Edvard Mjanger, Torkjel Solbraa, Gunnar DeBlasio Husabø, Torbjørn Netland. (Foto: Guri Gjermstad Dypvik)

Debutkonsert i Blaoboxen

Det nystarta visepopbandet Magnus Pym har urpremiere laurdag.

Publisert 30.03.2017 kl. 16.34.

- Me håpar musikken vil falla i smak, seier Torkjel Solbraa, vokalist og gitarist i bandet Magnus Pym.


Solbraa er mest kjend frå rockebandet TYYL.


Laga noko saman

Magnus Pym er eit visepopband, som består av sogningane Torkjel Solbraa på gitar og vokal, Gunnar Husabø på trommer, Torbjørn Neteland på gitar, og stril, Edvard Mjanger på bass.


Alle i bandet er musikarar som kjenner kvarandre frå før, og dei fann ut at dei ville laga noko saman.


- Me visste ikkje kva veg det ville ta, det har gradvis gått seg til, seier Solbraa.


Sidan vinteren 2016 har bandet jobba fram eit heilt nytt låtmateriale som skal urframførast i Blaboxen laurdag.


- Det er ekstra nervepirrande å debutera på heimebane, seier Solbraa.


Visepop

Magnus Pym er eit visepopband, men har også henta inspirasjon frå jazz, folkemusikk og rock.


- Me har alle ulik bakgrunn, så det er naturleg at det blir litt blanding, seier Solbraa.


Tekstane er det Torkjel Solbraa sjølv som har skrive, på norsk.


- Songane handlar om erfaringar frå eige liv og kvardag. Me er alle menn i midten av 30-åra, tekstane kan relaterast til det me er opptekne av; familieliv, kjærleik, identitetskrise og frustrasjon over samfunnet, seier han.


Musikken skil seg frå musikken i TYYL, som Solbraa framleis er med i.


- Dette er noko heil anna, seier han.


Namn frå ein spion

- Kvifor heiter bandet Magnus Pym?


- Det er vanskeleg å finna eit bra namn, men Magnus Pym syntest me fengja bra, seier Solbraa.


Magnus Pym er namnet på ein dobbeltagent frå John le Carré sitt spionunivers. Men sjølve musikken er ikkje spioninspirert.


- Me spelar ikkje spionmusikk, men hentar inspirasjon frå personlegdommen til Pym. Han har mange ulike ansikt. Det har me også, men me prøver å smelta dei saman til eitt, seier Solbraa.


Spelejobb og plate

Om debatten går bra ha bandet Magnus Pym planane klare.


- Me håpar første og fremst på fleire spelejobbar, men me har og lyst å spela inn plate. Me må sjå det litt an om dette er noko folk vil høyra meir av, seier Solbraa.


Bra Blaoboxstemning

Magnus Pym håpar på god stemning i Blaoboxen på laurdag.


- Eg trur denne musikken passar bra til Blaoboxstemninga. Me håpar mange tek turen for å høyra på, seier Torkjel Solbraa.


Fleire konsertar

Håvard Ese Eliassen, primus motor bak konsertsatsing i Blaoboxen er glad for å Magnus Pym held debutkonserten akkurat i Blaoboxen.


- Me vil halda fram med å gje publikum konserttilbod i mindre og intime lokale, seier Ese Eliassen.


Og fleire konsertar vil det bli, ein i vår og fleire til hausten.


Les meir om: Kultur Musikk Sogndal

Siste saker Gå til framsida