TRADISJON: I helga vert den tradisjonelle Marknaden i Dølaheimen arrangert. Biletet er frå skathelle-konkurransen i 2018. (Pressefoto)

Byr på både skathellekasting og boklansering

Det er stort spenn i programmet når den tradisjonelle Marknaden i Dølaheimen og Brefestivalen i Jostedalen vert arrangert.

Publisert 26.06.2019 kl. 12.55. Oppdatert kl. 14.38.

Laurdag vil Magne Medhus, som vaks opp i Jostedalen, lansera boka «Bokstavene lot seg ikke temme».

BOK: Sogningen Magne Medhus kjem «heim» med fersk bok under brefestivalen. (Pressefoto)

Bok om dysleksi

Medhus har dysleksi. Då han vaks opp i midten av førre hundreår, vart dyslektikarar sett på som dumme, men takka vera ein tolmodig far og ein oppofrande bror, klarte Medhus å kjempa seg gjennom grunnleggjande utdanning og over til eit universitetstudium i Münster, går det fram av ei pressemelding.


- Boka handlar om at eg hadde evner, men ikkje føresetnad for teoretiske studiar. Gjennom mange tilbakeblikk på livet mitt, fortel eg om utfordringar eg ikkje hadde føresetnader for å meistra. Med dei dårlege skulefaglege prestasjonane kan ein undrast på kvifor eg ikkje gav opp skulen, seier Medhus, som i ein alder av 80 år kan sjå tilbake på et halvt hundreår som psykiater.

BRE: Breutvikling med vekt på Nigardsbreen er tema i foredraget til Hallgeir Elvehøy på Breheimsenteret torsdagen under Brefestivalen. (Pressefoto)

- Mange slit

Det var eit behov for å rydda i si eiga fortid som gjorde at Medhus tok pennen fatt.


- Eg trengde å forstå meir om meg sjølv, ikkje gjennom psykoterapi, men gjennom å setja ord på ting eg hadde opplevd.


Medhus veit at mange slit med dei same lærevanskane som han sjølv hadde da han var ung.


- Problemet eg kjempa med, er ikkje eineståande. Det finst mange gutar og jenter som har og har hatt det på liknande måte. Nokre har funnet si løysing, andre ikkje. Eg håper boka kan hjelpa foreldre til å erkjenna og anerkjenna korleis eigne og andre sine born har slite med lærevanskar og åtferdsproblem. Eg håper også at foreldra kan sjå barnas ibuande ressursar, seier han.


Arrangørane av Marknaden i Dølaheimen og Brefestivalen i Jostedalen lovar at det vert ei helg med kultur, tevlingar og friluftsliv både på bre, på fjell og i vatnet. Mange av arrangementa er retta mot born. 


Det startar torsdag 27. juni med føredrag på Breheimsenteret om utvikling av breane våre av Hallgeir Elvehøy frå NVE. Elvehøy er med i gruppa som overvakar tilstanden til dei norske isbreane. I føredraget vil han fortelja om korleis dei jobbar med isbreane, og presentere resultat frå målingane på breane - først og fremst i Jostedalen.   


Fredag er det juving i Leirdøla, og om kvelden er det sommarquiz på Jostedal hotell.


Marknad

Laurdag føremiddag startar marknaden i Dølaheimen. Her blir det både terrengløp og skathellekasting. Skathellekasting er ein idrett med lang soge og sjølve nasjonalidretten i Jostedalen, opplyser arrangørane.


Elles vil det bli buskspel og lesestund for born, hesteriding og mølse-eting, tombola og grilling.


Laurdagen er altså dagen for boklansering med Magne Medhus, før det om kvelden vert brepub på Breheimsenteret. 


For born

Søndag er det aktivitet for born. Det er rafting i Jostedøla, klatring og natursti i skogen og padling på Nigardsbrevatnet, vert det opplyst i pressemeldinga.


Siste saker Gå til framsida