Festivalbrunsjen i parken på Festplassen. (Foto: Knut Utler)

22.000 på Førdefestivalen

Publisert 11.07.2019 kl. 19.15.

På fem dagar har Førde Internasjonale Folkemusikkfestival gjennomført nesten 80 arrangement, og av dei har 22 arrangement vore gratis for publikum.


Det totale publikumstalet for årets festival kjem til å hamna på i underkant av 22.000.


- Dette er litt under det festivalen har hatt dei siste åra, men det er ein nedgang som var venta, sidan me i år tok vekk festivalparaden, seier direktør Per Idar Almås i ei pressemelding.


- Paraden har i alle år samla mykje folk langs ruta, men det er ei tid for alt, og i år bestemte me oss altså for at det var tid for å satsa på eit godt laurdagsarrangement for alle i den flotte parken på Festplassen, seier Almås.


Kring 2.700 personar var innom parken.


Les meir om: Kultur Notis Musikk