LUTTPRIS-FINALIST: Verdsmannen Ketil Thorbjørnsen frå Årdal er ein av 12 artistar du kan røysta fram som årets artist i Sogn og Fjordane 2018.

12 finalistar kjempar om Luttprisen

No kan du vera med å avgjera kven som skal vinna Luttprisen 2018, årets artist frå Sogn og Fjordane.

Publisert 17.12.2018 kl. 17.38.

Tolv artistar er med i finalen, og prisen vert delt ut på Larris Scene under eit stort show i Førde laurdag 19. januar.
 
Finalistane er Sjur, Alexander Pavelich, Eva Weel Skram, Thea Hjelmeland, Aleks Grey, Sofia Hyttedalen, Karl Seglem, Odd Erik Lothe, Ketil Thorbjørnsen, Elida Høgalmen, Mona-Jill Band og Vreid.


Slik kan du røysta

- Det er svært mange som har engasjert seg og nominert artistar frå heile Sogn og Fjordane. No er det folkejuryen sin tur til å seia si meining om finalistane, seier musikkansvarleg i NRK Sogn og Fjordane Stian Sjursen Takle i ei pressemelding.


Det kan du gjera via nettsidene til NRK Sogn og Fjordane frå 17. desember. For å unngå juks, er det berre mogleg å levera ei røyst per 12. time per IP-adresse. Siste frist for å røysta er 13. januar 2019.


Stort musikkshow

Luttprisen vert delt ut under eit større musikkshow på Larris Scene i Førde laurdag 19. januar. Der får du oppleva nokre av artistane frå fylket med størst suksess i løpet av det siste året.


Programleiar er Ronny Brede Aase og Luttprisutdelinga vert sendt direkte på NRK Sogn og Fjordane.


Dagen før vil du også kunna sjå konsertar frå sju av dei nye og spennande banda frå Sogn og Fjordane som ein del av Blestfestivalen.


Tidlegare vinnarar

Tidlegare har artistar som Sigrid Moldestad, Eva Weel Skram, Karl Seglem, Thea Hjelmeland, Good Time Charlie og Vreid fått Luttprisen, årets artist frå Sogn og Fjordane.  


Luttprisen er eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim og eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest.


Les meir om: Kultur Nyhende Musikk