FÅR STØTTE: Balejazz får 150.00 kroner. Her frå då Lava og Hanne Boel stod på scenen under årets Balejazz. (Arkivfoto)

11 millionar til kultur og folkehelse - sjå kven som fekk pengestøtte

Sogn og Fjordane fylkeskommune tildelte i juni over elleve millionar kroner til kultur- og folkehelsetiltak i fylket.

Publisert 01.07.2019 kl. 23.22.

- Målet er auka aktivitet, sterk frivillig sektor og breidde i kulturtilboda, seier Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur.


Imponert og stolt

Midlane frå fylkeskommunen er fordelt gjennom driftstilskot til kulturorganisasjonar, støtte til spel og arrangør, støtte til festivalar, midlar til prosjekt og tiltak, støtte til kulturutviklingstiltak og midlar til folkehelsetiltak.


- Fylkeskommunen vil leggja til rette for eit rikt kulturliv. Økonomisk støtte er eit av verkemidla for å byggja oppunder all den gode aktiviteten som skjer gjennom heile året og på festivalar, arrangement eller kortare tiltak, seier Ingebjørg Erikstad, og legg til at ho er imponert over og stolt av all kulturaktiviteten me har i fylket.


- Det ligg utruleg mange dugnadstimar bak, og det er god kvalitet i kulturtilbodet i fylket.


Dei som har fått støtte

På lista over dei som får støtte finn me mange fylkesdekkande organisasjonar, 13 festivalar, historiske spel, nye kulturarrangement- og prosjekt, samt ulike tiltak som vil vera med å styrke folkehelsa. I alt er det delt ut 11.193.000 kroner til kultur og folkehelsetiltak via Sogn og Fjordane fylkeskommune, går det fram av ei pressemelding.

Så mykje får dei:

Driftstilskot kulturorganisasjonar:
 
Stiftinga Den Norske Bokbyen: 90 000  
 
Sogn og Fjordane symfoniorkester: 100 000  
 
Sogn og Fjordane ungdomslag: 60 000  
 
Sogn og Fjordane Folkemusikklag: 200 000  
 
Vevringutstillinga: 20 000  
 
Norges husflidslag: 170 000  
 
Vestnorsk Jazzsenter: 110 000  
 
Vestlandsutstillingen: 100 000  
 
KFUK-KFUM i Sogn og Fjordane: 90 000  
 
NMF Nordvest: 230 000  
 
Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane - BKSF: 15 000  
 
Brak: 100 000  
 
Singerheimen: 200 000  
 
Sogn og Fjordane mållag: 10 000  
 
Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane: 60 000  
 
Sogn og Fjordane Skrivelag: 10 000  
 
Sogn og Fjordane krins av  Noregs KFUK-KFUM speidarar: 15 000  
 
Jakob Sande-selskapet: 100 000  
 
Sogn og Fjordane husflidslag: 160 000  
 
Folkeakademiet i Sogn og Fjordane: 90 000  
 
4H Sogn og Fjordane: 300 000  
 
Norges Korforbund Sogn og Fjordane: 60 000  
 
Sum: 2 290 000  
 
Spel og arrangørar:

Elskhug og eksis, Eid: 50 000  

På sverdeggja, Selje: 30 000  

Kinnaspelet, Flora: 100 000  

Dalsfjordveka (fleire kommunar): 15 000

Danseverkstedet (fleire kommunar): 20 000  

Pederhusets vener, Gloppen: 30 000  

Oratoriesolistene DA (fleire kommunar): 20 000  

Norske symfoni-orkestres landsforbund, Vestlandsk sommarsymfoni, Eid: 0  

Skei Dansegalla, Jølster: 0  

Holkerock, Askvoll: 0  
Havblikk, Flora:0  

Anders Alvoro Gjengedal Nydal, turné Hakkebakkskogen, Førde mfl.:0  

Sum: 265 000  
 
Festivalar: 

Fres festival, Vik: 50 000  

Utkant, Gulen: 100 000  

Målrock, Årdal: 50 000  
Fjordbluesfestivalen, Fjæra Bluesklubb, Gloppen: 70 000  

Balejazz, Balestrand: 150 000  

Jazz på Jølst, Jølster Jazzklubb, Jølster: 10 000  

Kulturfestivalen, NFU Sogn og Fjordane fylkeslag, Førde: 70 000  

Førde internasjonale folkemusikkfestival, Førde: 3 311 000  

Norsk countrytreff, Gloppen: 727 000  

Nynorske litteraturdagar, Aurland: 75 000  

Gloppen Musikkfest, festivalstøtte og utviklingsavtale, Gloppen: 300 000  

Teaterfestivalen i Fjaler, Fjaler: 350 000  

Malakoff rockfestival, Eid: 100 000  

Glopperock, Gloppen: 0  

Malakoff Rockfestival, utstyr / scene, Eid: 0  

Måløy havfiskefestival, Vågsøy: 0  

Eggstockfestivalen, AKKS, Bergen: 0  

Kalvåg kystfestival, Bremanger: 0  

Sum: 5 363 000  
 

Prosjekt og tiltak:

Førde Bogeskyttarklubb, NM 2019, Førde: 25 000  

Forbundet Kysten, filmproduksjon trebåtbygging, Gloppen: 30 000  

Hornindal og Markane skyttarlag, NM 2019, Hornindal: 10 000  

Mari Askvik, kyrkjekunstserie «Fem i stein», Leikanger mfl.: 50 000  
 
Førde Volleyballklubb, utviklingstiltak, Førde: 0  

Svelgen opp og fram, Skovlhjul i sentrum, Bremanger: 0  

Ivar Orvedal, «Hildr», Høyanger: 0  
 
Ivar Orvedal, «Postreptilia», Høyanger: 0  

Bengt Ronny Landøy-Midtbøen, lokalhistorie, Askvoll: 0  

Svelgen turn- og idrettsforening, deltaking NM volleyball, Bremanger: 0  

Indre Sogn Kystlag, restaurering Storbåten, Sogndal: 0  

Stiftinga Sogndal Folkehøgskule, digital formidling ved 150-års jubileum, Sogndal: 0  

Lærdal seniordans, dansekveldar, Lærdal:0  

Krunhjorten 4H, grillhytte, Bremanger: 0  

Solund skulemusikkorps, korpssamling, Solund:0  

Stiftelsen Munthehuset i Ytre Kroken, utstillingar og program, Luster: 0  

Akademiske maur (Svanøy viseklubb), pop-up viseworkshop, Flora: 0  

Det Kongelige Selskap for Norges Vel, economuseum, Aurland / Balestrand:0  

Sogndal songlag,  jubileumskonsertar, Sogndal: 0  

Dag Asle Mykløen, historisk film frå Oldedalen, Stryn: 0  

Espen Selvik, Wergelandskonsertane, Gulen: 0  

Janne Karin Støylen, vandringsbok Filefjellsvegen, Jølster: 0  

Luca Berti, foto og utstilling Filefjellsvegen, Lærdal mfl.: 0  

Grindstone Security Dag Sørebø, Hyllestad: 0  

Sum: 115 000  
 
Kulturutviklingstiltak:

PreForm AS, driftstilskot, Fjaler: 300 000  

Vestnorsk filmsenter, driftstilskot, fylkesdekkande: 100 000  

Sogn og Fjordane idrettskrins, skikrinsen, fylkesdekkande: 200 000  

Sogn og Fjordane ungdomslag, Huset i bygda, fylkesdekkande: 150 000  

Sogn og Fjordane turlag / FNF, ung meistring i vill natur, fylkesdekkande: 200 000  

Friluftsråd i Sogn og Fjordane, interkommunalt: 200 000  

Aud Marit Sk. Holmen/ Karen Helga Maurstig, Ord og sted, Luster: 150 000  

Førde kommune, Rom for ord, fylkesdekkande: 200 000  

Creative Connections Norway, internasjonalt teaterprosjekt, Balsetrand mfl.: 50 000  
 
Gamle Innvik ullvarefabrikk, Stryn: 100 000  

Anna Einemo Frøysland, danseframsyning, Lærdal: 0  

Jostein Avdem Fretland, produksjonshub for opera og scenekunst, Lærdal: 0  

KULLA Productions AS, Kunstfilm med handling i Stongfjorden, Askvoll: 0  

Fredrik Høstaker, scenekunstprosjekt «Gjenstand for», Fjaler mfl.: 0  
 
VY Designlab AS, bygge opp verkstad og utstillingslokale, Førde: 0  

Sum: 1 650 000  
 
Folkehelse: 

Førde kommune, inkluderingstiltak:100 000  

Solund kommune, gratis måltid / styrke vaksenrolle: 40 000  

Nordfjord skyttarsamlag, inkludering, skyteopplæring: 250 000  

Gym Stryn AS, tilrettelagt trening i skuletida: 30 000  

Sogndal kommune, vidareutvikling av Møteplassen: 100 000  

Flora kommune / nye Kinn kommune, aktiv fritid for alle barn: 50 000
Sogn og Fjordane idrettskrins, fotballkrinsen utviklingsavtale: 240 000  

Sogn og Fjordane Røde Kors, aktivt val, seksualundervisning: 50 000  

Sogn og Fjordane Skikrins, Ski i skulen: 100 000  

Fjaler kommune, Aktiv i HAFS: 200 000  

SMISO, undervisning seksuell helse: 100 000  

Dans utan grenser DUG: 150 000  

Dagsturhyttene, forskingsprosjekt Vestlandsforsking: 100 000  

Sogndal kommune, rusførebyggande arbeid: 0  

A.P. Tamilsk Kultursenter, tiltak barn og unge, Flora: 0  

Mari G. Jerstad, bruk av lokale nyttevekstar: 0  

Solund IL, mosjon året rundt: 0  

Ytre Sogn Turlag, sommarcamp: 0  

Spenst Florø AS, seniortrening: 0  

Høgskulen på Vestlandet, Active learning preschool, Sogndal: 0  

Flora kommune, fallførebyggingskurs: 0  

OnCue productions, Gøyanger, Høyanger: 0  

Normisjon region Sogn og Fjordane, friluftsfestival, Goppen: 0  

Sogn og Fjordane turlag FNF, Nærtur: 0  

Sum: 1 510 000  

Total sum kulturmidlar og folkehelsemidlar 2019: 11 193 000 kroner 


Les meir om: Kultur Økonomi

Siste saker Gå til framsida