STORSATSING: Professor Brian Cox ved Stegastein, med utsikt over Aurlandsfjorden. Der var han for å gjera opptak som del av BBC Earth si nye storsatsing The Planets. (Foto: BBC Earth)

- Aurland har landskap som liknar Saturns måne

BBC Earth si nye storsatsing The Planets valde Aurland som innspelingstad for premiereepisoden.

Publisert 05.06.2019 kl. 19.00.

Den vert vist på BBC Earth torsdag 6. juni. Serien The Planets vert leia av professor Brian Cox. Saman med produksjonsteamet har han vore innom Norge for å gjenskape landskapet på ei fjern klode.


I premieren får sjåarane nyta bilete frå Aurlandsfjorden, Stegaastein, Rjoandefossen og Vassbygdevatnet.

PÅ FJORDEN: Også Aurlandsfjorden får vera kulisse når Brian Cox og BBC Earth spelar inn si nye storsatsing The Planets. (Foto: BBC Earth)

Solsystemet

Den nye storsatsinga frå den britiske almennkringkastaren BBC, handlar om planetane i solsystemet. For å skapa serien har produksjonsselskapet plukka ut lokasjonar som liknar dei ein finn på dei ulike planetane, skriv dei i ei pressemelding.


Dei meiner Vestlandet har vore ekstra viktig for å skapa ein best mogleg og autentisk rekonstruksjon av landskapet på Saturns måne, Titan.


Første episode

Dei fire planetane som er nærmest jorda får plass i første episode. Der får ein også eit møte med Titan, som også vert kalla jorda sin tvilling. Der er innsjøar av etan og metan, og alt ligg til rette for at det kan verta ein levande planet fram i tid. I dag ligg tepmeraturen der på 180 minusgrader.


Det er selskapet Lola som står bak dei visuelle effektane i serien. I staden for å sjå planetane frå verdsrommet, så har dei brukt direktebilete som er filma på stadar på jorda som liknar på dei ulike planetane. 


Dei har vore på Island for å gjenskapa månane til Pluto og Saturn, og Stromboli i Italia fungerer som Jupiters måne Io. 


Bratte fjellsider

Ørkenområdet Wadi Rum i Jordan skal forestilla planeten Mars, og Lanzarote fekk vera Venus.


Aurlandsfjorden skilte seg ut på grunn av dei bratte fjellsidene som likna på dei små juva kring innsjøane av metan og etan på Titan. Dette kan du altså sjå torsdag 6. juni i premieren på BBC Earth.


Les meir om: Kultur Aurland

Siste saker Gå til framsida