Gå til sidens hovedinnhold

Siste natt med vegarbeid – sjekk stoda der du skal reisa

E16 Gudvangen – Flenjatunnelen er det straks klar for sommarpause i vedlikehaldsarbeidet. Natt til søndag 4. juli er siste arbeidsnatt på ei stund. Også denne siste natta er det manuell dirigering frå 22:00 til 06:00 neste dag.

Kolonnetid frå Flåm: 22:45, 00:15, 01:45, 03:15 og 04:45. Kolonnetid frå Gudvangen: 23:30, 01:00, 02:30, 04:00 og 05:30.

E16 Seltatunnelen – Borgundtunnelen skal det arbeidast litt til før ferie. Der må du rekna med å venta inntil 45 minutt alle dagar mellom klokka 20 og 06 neste dag. Der er omkøyring via Fv630 med ledebil. Der er det maks høgde 4,4, meter og maks breidde 3 meter. Frå og med måndag 12. juli klokka 06:00 og til måndag 2. august klokka 20:00 er der fri ferdsel på hovudtraseen.

Utanom helg vert det arbeidd også på Rv 5 Valeberg – Kaupangerkrysset. Der må du rekna med innsnevring og lysregulering på grunn av vegarbeid måndag til torsdag frå 07:30 til 19:30. Dette gjeld til og med 15. juli. Kan vera greitt å vita for den som skal ta ferja Mannheller – Fodnes.

Elles er det arbeid i vekene eit par stadar mellom Sogndal og Hella. Her må du rekna med ventetid på inntil 15 minutt.

Fleire vegmeldingar finn du på Statens vegvesen sine nettsider.

Les også

No blir det pause frå stengd tunnel og båttransport

Kommentarer til denne saken