PÅ SKJERMEN: Silje Holm Carlsen (t.h) spelar «Sara» i Nrk-serien «Lovleg». Hovudpersonen «Gunnhild» blir spelt av Kristine Ryssdalsnes Hovli. (Foto: Skjermdump Nrk)

Silje er «Sara» i Lovleg

Silje Holm Carlsen (19) frå Hafslo spelar «Sara» i Nrk-serien «Lovleg».

Publisert 23.09.2018 kl. 16.00.

Serien følgjer «Gunnhild» frå Høyanger, som blir køyrd til eit hybelhus på Sandane av dei overbeskyttande foreldra sine. Der går ho på Firda vidaregåande skule og skal bli kjend med dei ho bur med og medelevar.


I serien spelar Silje Holm Carlsen «Sara» frå Sogndal som går i 2. klasse på musikklinja. Ho er også ei av dei «Gunnhild» bur saman med i hybelhuset.


Nettbasert drama

«Lovleg» hadde premiere 14. august. Serien er eit samarbeid mellom Rubicon og NRK og er i kategorien nettbasert drama, i likskap med Skam som handla om livet til ei rekkje ungdommar på Hartvig Nissens skule i Oslo.


Framleis innspeling

Innspelinga på Firda vgs. starta i byrjinga av juni i år og følgjer ungdommane over eit lengre tidsrom. Serien er framleis i produksjon.


Sogn Avis har vore i kontakt med Silje, men skodespelarane blir skjerma frå media medan innspeling framleis føregår.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida