NOKON TOK ELSYKKELEN: Silje Molland Lindborg har meldt sykkeltjuveriet til politiet og lurer på det har vore fleire tjuveri i Sogndal natt til måndag. (Privat foto)

Silje blei fråstolen elsykkelen - ber andre vera obs

Natt til måndag forsvann elsykkelen til Silje Molland Lindborg frå tunet i Sogndal. Ho lurer på om fleire har fått fråstole ting i løpet av natta.

Publisert 12.08.2019 kl. 20.23. Oppdatert kl. 20.35.

- I natt forsvann min elsykkel frå mitt tun og eit sykkelstativ frå naboen sitt tun, seier Lindborg, som bur ved Dampskipskaien. 


Ho fortel at ho måndag fekk hjelp til å sjå etter elsykkelen rundt om i Sogndal. Elsykkelen har framleis ikkje dukka opp, men det gjorde sykkelstativet til naboen. Det vart funne ved eit hus.


Framande bilskilt

- Mannen som budde i huset kunne fortelja at bilskilta hans var blitt bytte ut. Hans var vekke og erstatta av skilt som tilhøyrer bilen til ein på Austlandet, fortel Lindborg.


Ho tykkjer det heile verkar merkeleg og lurer på om andre har sett noko i løpet av natt til måndag eller om fleire har blitt fråstole ting i Sogn natt til måndag. 


Melde til politiet

- Eg tenkjer det er greitt å opplysa om dersom nokon har sett noko, seier ho.


Ho fryktar fleire har fått ting stole i løpet av natta sidan ho såg at det låg fleire ting der sykkelstativet vart funne. Det skal også ha vore observert ein bil på same stad nattestid.


Lindborg seier tjuveria er melde til politiet. 


 


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida