Hovudutval for opplæring og kompetanse har justert opplæringstilbodet ved dei vidaregåande skulane i Vestland for 2023/2024.
Som Sogn Avis har skrive, vart løysinga for Sogndal vidaregåande skule ein ny klasse vg1 studiespesialiserande, men at ein også kuttar ein klasse vg1 helse- og oppvekstfag.
Har funne løysing for Sogndal vgs – men det får følgjer
– Dette er ei av dei viktigaste sakene me har gjennom året og det engasjerer mange. Me er veldig bevisste på ansvaret vårt og på det å sørgja for at me treff med opplæringstilbodet. Me er opptekne av at fleste mogleg av søkjarane kjem inn på førstevalet sitt, og at me samstundes byggjer opp under behova som arbeids- og næringslivet har, seier Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse i ei pressemelding frå fylkeskommunen.
Ho seier heile utvalet og alle politiske parti har gjort ein solid jobb i saka.
– Me strekkjer oss langt for at alle skal få gå på det dei vil, men me vil aldri greia å gjera alle til lags, seier Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.
Her finn du resten av avgjerdene utvalet har gjort for komande skuleår.

Ho er med på å avgjera tal skuleplassar i Sogndal: – Me er enormt glade for at det er engasjement
