KLAR FOR SOGNDAL: Sportsleg leiar Håvard Flo er glad for å få Trond Olsen med på laget. (Foto: Sogndal Fotball)

Signerte med venstrekant

Sogndal Fotball og Trond Olsen er samde om ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2019.

Publisert 15.08.2018 kl. 17.23. Oppdatert kl. 17.38.

Det melder Sogndal Fotball på nettsidene sine onsdag ettermiddag. 


Olsen kjem frå Lyngen i Troms og kjem til Sogndal frå Bodø/Glimt.


- Sogndal er ein god klubb i norsk toppfotball med klare ambisjonar om opprykk til Eliteserien. Eg har høyrt mykje positivt om klubben og er glad for å vera her, seier Olsen til sogndalfotball.no.


Les også: Trond Olsen nærmar seg Sogndal


Sogndal Fotball skildrar Olsen som ein rutinert venstrekant med lang erfaring frå toppnivå. Han har 238 kampar for Glimt, 66 kampar for Rosenborg og 67 kampar for Viking. 


Han har også 35 aldersbestemde landskampar og 1 kamp for A-landslaget. 


- Me er veldig glade for å ha Trond her hjå oss. Dette er ei viktig signering me har jobba ei stund med. Trond kjem inn med mykje erfaring og er klar til å bidra, seier sportsleg leiar Håvard Flo i samband med signeringa.