Gå til sidens hovedinnhold

Signerte avtale om felles innsats mot arbeidslivskriminalitet

Fylkeskommunen har signert samarbeidsavtale med Skatteetaten om felles innsats mot arbeidslivskriminalitet.

– Dette er eit tiltak som skal sikre at me inngår kontraktar med entreprenørar som følgjer norsk lov, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal i ei pressemelding.

– Me skal ha eit løpande samarbeid med Skatteetaten som skal gje oss eit endå betre grunnlag for å velja seriøse leverandørar og underleverandørar. Me får vita om aktuelle leverandørar betalar skattar og avgifter og følgjer norsk lov i arbeidslivet, seier Haugsdal.

Vestland er den andre fylkeskommunen i landet Skatteetaten inngår slik samarbeidsavtale med. Viken var den første.

Kommentarer til denne saken