Kaupangerdamene spelte søndag uavgjort, 2-2 heime mot Grei Kvinner. Ylinn Tennebø vart kåra til dagens Kaupanger-spelar av ein lokal jury.

Sigeren glapp i sluttminuttane. Sjå høgdepunkta

Kaupangerdamene er framleis ubesigra i årets 1. divisjon etter ny uavgjort.

Publisert 05.05.2019 kl. 15.58. Oppdatert kl. 21.27.

Det var ein jamn batalje på Kaupanger stadion søndag. Gjestene tok leiinga ved Johanne Fridlund etter 29 minutt. Scoringa kom etter ein dårleg avklarering av Kaupanger-forsvaret. 


Sju minutt seinare kom utlikninga for heimelaget. Tea Berteig svinga ballen inn i feltet frå sin venstrekant. Ballen gjekk såvidt over Grei-keeper, på bakre stolpe venta Andrea Henjesand som hadde ein enkel jobb med å styra ballen i mål.


Etter kvilen var Kaupanger det skarpaste laget. Heimelaget tok leiinga etter 65 minutt ved Kristi Vangsnes. Systrendingen heada inn scoringa etter eit innlegg frå venstrekanten. 


Fem minutt før full tid rakna det for heimelaget. Camilla Ose fekk spasera inn i 16-meteren og fekk avslutta. Ballen var innom eit par Kaupanger-føter før den til slutt enda opp i nettet bak Ingeborg Osland i Kaupanger-målet.



Nøgd med prestasjonen

Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde var skuffa over resultatet, men nøgd med laget sin prestasjon mot eit hardtsatsande Grei-lag.


- Det er sjølvsagt surt når sigeren glipp fem minutt før full tid i ein kamp der eg føler me er det beste laget. Jentene står på, men Grei viser også at dei har kvalitetar på laget. Me har framleis ikkje tapt i serien, og me har berre møtt gode lag som kom over oss på tabellen i fjor.  


I år mønstrar han eit lag med mange spelarar utan særleg erfaring frå 1. divisjjon. 


- Difor er det viktig at me held fram å prestera saman som eit lag. Dei rutinerte spelarane har stått fram og teke ansvar, og har drege med seg dei unge spelarane slik at me har ei spelargruppe som presterer godt saman, seier han.