Vest politidistrikt melde natt til søndag, like før klokka to, om ei trafikkulukke i ei rundkøyring i Førde.

Ein MC hadde sklidd i rundkøyringa, og det skulle visa seg at det var ein grunn til den litt dårlege balansen på føraren.

Ein 22 år gamal mann vert meld for køyring i rusa tilstand.

Både politi og ambulanse var på staden og føraren var oppegåande.

I Førde måtte også politiet ta han om ei småvrang og rusa kvinne i 20 åra. Ho måtte fjernast frå eit hotell i sentrum like før midnatt.