Sett i varetekt etter knivstikking på Voss

Publisert 26.05.2019 kl. 08.52.

Laurdag 25.mai fekk operasjonssentralen ved Vest Politidistrikt melding om at ein mann hadde sjølv møtt på Voss legevakt med skader etter knivstikk.


Mannen som er i slutten av 20-åra har vore til behandling ved Voss sjukehus i natt, men skadeomfanget er ukjent.


Etterforskninga som føregjekk heile natt førte til at politiet arresterte to personar som begge er menn i slutten av 20 og 40-åra.


Saka vil bli vidare etterforska utover dagen og dei to pågripne tatt med til sentralarresten ved politihuset i Bergen, skriv politiet i ei pressemelding.


 


 


.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende

Siste saker Gå til framsida