Set opp toalett på to turistvegar i Sogn

FULLFØRAST I 2020: Utbetringar av rasteplass og toalett på Oscarshaug på Sognefjellet.

FULLFØRAST I 2020: Utbetringar av rasteplass og toalett på Oscarshaug på Sognefjellet. Foto:

I løpet av 2020 er det planlagt at 12 turistvegprosjekt skal fullførast.

DEL

Statens vegvesen opplyser at planlegging og utbygging av tiltak langs dei 18 Nasjonale turistvegane går som planlagt. Av 12 attraksjonar som blir fullført i år, er åtte under bygging. Dei fire siste skal starta opp før sommaren.

Rasteplass og do

På Sognefjellet skal toalettet og rasteplassen på Oscarshaug utbetrast. Dette arbeidet skal fullførast i 2020.

Også anlegg på Gaularfjellet får eit løft. Arbeidet med toalett, utsiktsrampe og rasteplass ved kulturminne på Hestad startar opp og skal gjerast ferdig neste år, opplyser vegvesenet.

Det går fram av pressemeldinga at i tråd med målet i Nasjonal transportplan 2018–2029 og oppfølgjande budsjettproposisjonar frå Samferdselsdepartementet skal Nasjonale turistvegar stå fram som ein heilskapleg attraksjon i løpet av 2023.

ATTRAKSJON: Gaularfjellet og Hestad skal få rasteplass og toalett.

ATTRAKSJON: Gaularfjellet og Hestad skal få rasteplass og toalett. Foto:

46 nye

Frå 1994 til 2017 blei det planlagt og bygd i alt 143 tiltak langs Nasjonale turistvegar. I perioden 2018–2023 skal ytterlegare 46 nye prosjekt vera fullførte, med Vøringsfossen, Gjende og Torghatten som dei største.

Artikkeltags