Gå til sidens hovedinnhold

Set opp ekstra båtruter til Seimsdalen under Målrock

Det blir sett opp ekstra båtruter mellom Seimsdalen og Årdalstangen på kvelden under Målrock-helga 6. og 7. august.

Dette fordi Seimsdalstunnelen vil vera heilt stengd.

I ei pressemelding skriv Vestland fylkeskommune at båten går som normalt fram til avgangen klokka 22:45 frå Tangen og klokka 23:00 frå Seimsdalen. Etter dette vil båten gå kontinuerleg frå klokka 23.15 til klokka 01:45 på kvelden fredag og laurdag, etter dialog med festivalleiinga.

Tunnelen vil vera heilt stengt også for gåande og syklande. Det er arbeid heile døgnet med sprengingar på nattestid.

– Me gjer ikkje skilnad på vekedagar eller helg i tunnelarbeidet, her er det arbeid døgnet rundt og det er viktig at alle respekterer avsperringane inn til tunnelen. Me vonar båtrutene gjer at folk kjem seg til og frå festival, seier prosjektleiar Jørn Fosen Simonsen i Vestland fylkeskommune.

Frå Tangen


Frå Seimsdal


23:15


23:30


23.45


00:00


00:15


00:30


00:45


01:00


01:30


01:45

Kommentarer til denne saken